Nyttårsforsett: Drikk meir vin!

Nyttårsforsett: Drikk meir vin!

Vipps, så var 2015 forbi. Atter eit innhaldsrikt og spanande vinår.

Eg kan sjå tilbake på gode smakingar, vinmessa i Verona, ferietur til Sicilia og eit mangfald av andre flotte opplevingar. Nyttårsforsettet for 2016 er utan tvil å smake meir vin.

Har du nyttårsforsett? Alle landets magasin og andre mediar pryder sine framsider med slanketips, trening, generelt vegen til eit sunnare og betre livsstil. Kvardagen min dreg ikkje preg av dette fokuset, ingenting anna enn at alt er bra med måte. Derfor er det all grunn til å nyte gode stunder utan å sitte med dårleg samvite. Men, det som heller er viktig er kva vin ein skal drikke.

Blant dei mange gode vinskribentane er anbefalinga å sette frå seg den trufaste Rieslingdrua til sides og heller prøve noko nytt. Mangfaldet og spennvidda innan vin gir ingen grunn til å ikkje prøve noko anna, men samstundes vil eg ikkje ta drua heilt vekk. Ei god flaske Riesling kan ikkje undervurderast.

Nyleg smakte eg Jos. Christoffer. Jr. 2001 Erdener Treppchen Riesling Auslese***, som ein også kan gi namnet kongen av auslese. Inga tvil om at Rieslingdrua kan stråle og at det går klart fram kva drua kan by på. Med flott gul farge med hint av grøn tone. Lukta byr på mineralitet, rik av moden frukt og hint av petroleum. I munne er den fyldig, god frukt som er lang og elegant går over til tørka aprikos, mango og fiken, med lang frisk ettersmak og syre. Stilen er klar, konsentrert og unik til fleire områder. Differansen i oechslekravet (eller mostvekten - definerast ut frå druemostens tettheit i forhold til vatn, som ligg på 1000 kg/m3) gir dei ulike kategoriane ulik nytt, spennvidde og ei reise for smaksløkane. Det er inga tvil om at den er unik.

Jos. Christoffer. Jr. 2001 Erdener Treppchen Riesling Auslese***, ja det er svært godt!
Jos. Christoffer. Jr. 2001 Erdener Treppchen Riesling Auslese***, ja det er svært godt!

Tyskland hadde tiårsjubileum i 2015 som det mestselgande kvitvinsland i Noreg, og det med halvtørre kvitvin på toppen av statestikken. Til tross for fleire vinskrivbentar sine anbefalingar kan ein stille seg spørsmål til kvifor majoriteten av nordmenn går i same fortspor og attpåtil kjøpe meir av tysk halvtørr kvitvin som gjerne er av lav kvalitet. Gjennom tida har bøndene funnet ei betre balanse for Rieslingdrua mellom sødme og syre enn den opprinnelege. Likevel vil det vere naudsynt å velje andre druer og her er spennvidda stor. I Noreg kan ein finne 16.500 forskjellige vinar å velje mellom i vinmonopolets sortiment, noko som gjer oss unike i verdsbasis.

Smak meir, men hugs å spytt. Majoriteten vil vel sei at det er bortkasta, men skal ein bli ein god smaker gjeld det å smake mykje, og hels ikkje drikke alt. På den måten vil ein dra nytte av smakinga, samtidig som dagen etter ikkje vert bortkasta. Besøkande vil som regel finne fleire opna flasker i kjøleskapet mitt, noko som betyr at dei kan ofte kan finne seg eit glas vin eller stille seg undrande til at dei vert helt ut.

I året som kjem byr det på nye opplevingar, der ein tur til San Fransisco er alt booka i mars. Tida i forvegen vil gå til førebuing slik at både mat og drikkeopplevingar vert maksimalt utnytta. Sit du på nyttig informasjon som i ettertida kan delast på Druefin.no, send meg gjerne ein mail på anniken@druefin.no. Ingenting er så kjekt som det!

Vinåret 2016 vert unikt, så følg med!