Nytt år, nye moglegheiter.

Nytt år, nye moglegheiter.

”Stien blir til medan ein går” er eit nyttig sitat som eg har nytta ved ei rekke anledningar.

Med ingen klar og målretta plan har stien min teke form etter interesse og tilfeldigheitar som har dukka opp. Kombinasjonen er slett ikkje vanleg, men heller ikkje ubrukeleg, snarare tvert imot. Sjølvsagt skulle eg gjerne gjort ting anleis, men putt livet blir jo til medan ein går.

CV`en min inneheld eit grunnkurs i spansk frå Mexico, utdanning som sommelier (vinkelnar) frå Kulinarisk Akademi i Oslo, bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Norges Handelshøgskule samt ulike arbeidserfaring frå restaurantar i Sogn og Bergen, Tango restaurant i Stavanger og deltidstilsett på Vinmonopolet i Valkendorfsgaten i Bergen.

Og kva gjer eg no? Bloggar, dagens ungdom er ikkje som andre. Etter opphaldet i Stavanger var eg fast bestemt på å få ein god utdanning for deretter å få ein trygg, god og sikker jobb. Eg skulle så gjerne haldt meg til A4-malen, men sanninga er at eg blir drittlei. Gnisten, nysgjerrigheita og interessa for livet tek slutt om kreativiteten min ikkje får blomstre. Difor har etterpåklokskapen slått meg i bakhovudet og opna auga for livet som er akkurat her, det vil sei formidling.

Fire dagar inn i 2017 er eg godt i gang og eg har mykje bra i vente. Alt kjem fortløpande på Druefin.no. Med andre ord blir det meir vin, mat, reise, refleksjonar og mine tankar. Eg stiller meg mange spørsmål til dette underlige livet, og spesielt til det som står meg nærmast, nemleg vin og råvarer.

Lista med nyttårsforsett er hengt opp, i år skal eg følgje dei til punkt og prikke. Det er heller ikkje så vanskeleg når innhaldet er så spanande, nemleg å dykke djupare i vinens verden og råvarer.