Anniken England

Nyheitsslepp: California

Anniken England
Nyheitsslepp: California

Viste du att California står for 90% av vinproduksjonen i USA? Og at i 1976 vart det arrangert ei blindsmaking i Paris av dei beste californiske vinane mot dei beste franske?

Panelet bestod av profesjonelle franske smakarar, og til stor overraskelse og audmjuking var det California som stakk av med sigeren.

Ja, så kven vant? Hjå dei raude var det Stag`s Leap Cabernet Sauvignon 1973 som gjekk til topps framfor blant anna Château Mounton-Rothschild, Château Montrose og Château Haut-Brion frå årgangen 1970. For dei kvite gjekk sigeren til Château Montelena Chardonnay 1973 framfor store burgundera som Meursault-Charmes og Bâtard-Montrachet. Med bakgrunn av denne blindsmakinga oppnådde californisk vin eit anerkjent kvalitetsproduktstempel.

Like fasinert er eg kvar gong eg tenkjer på denne hendinga. Akkurat denne hendinga er det sanne beviset på at hjernen kan lure oss. For at sanseapparatet vårt skal vere til full nytte og korrekt, må det arbeide utan forventningar. Det betyr ingen anmeldingar, kommentarar frå andre, men rett og slett å analysere. Vi lyt derfor trene opp sanseapparatet vårt til å analysere vinen og på den måten argumentere for vinen. Ein kan klart kjenne forskjell, ein må berre trene sanseapparatet.

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

For vel eit år sida vart eg sjølv tatt på senga av ei blindsmaking av drua Pinot Noire. Å kartlegge drua var inga kunst, men den kjølige frukta og tydlegare karakter gjorde det hakket vanskelegare. Med flott konsentrasjon, struktur, fruktigheit gjekk tanken direkte mot Burgund. Og ja, eg tok klart feil, det var Kutch frå Sonoma Coast 2012, les gjerne artikkelen her: Her

Interessa er aukande i Noreg, men amerikansk vin har ikkje alltid vore lett tilgjengeleg. Det er fleire grunnar til det. Med høg etterspørsel innad i landet har det gitt dei moglegheita til å overprise vinen. Den amerikanske kursen har generelt vore sterkare enn den norske krona, noko som har resultert i at flaskeprisen har blitt høg i forhold til tilgangen frå vin i Europa. Dagens situasjon endrar ikkje akkurat på det. Siste faktoren er den høgde alkoholen og bruken av eik. Stilart og ønskje hjå kundane er betydeleg forskjellig mellom det amerikanske og europeiske marknaden, men no kan ein finne ein stil som går i retning mot den europeiske. Utviklinga har vore stor for både Chardonnay og Pinot Noire, og no går begge druene i retning mot ein kjøligare stil.

Årets fyrste nyheitsslepp vart det lansert 70 forskjellige produkt, deriblant vin frå California. Sidan 1970 og fram til i dag har regionen blomstra og mykje har skjedd. Det har vore etablering av ei rekke vinhus, utviding av vinmarksareal og økologisk utvikling. Perioden har likevel ikkje vore problemfri. Ein meir aggressiv variant av phylloxera (enn den som inntraff i 1870-åra), kalla Biotype B, kom til California i 1980-åra. Tidlegare var løysinga å pode viniferasorter på resistente amerikanske grunnstammer, men som i dette tilfellet ikkje var motstandsdyktig. Det resulterte i enorme vinmarksareal som gjekk tapt.

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

”In Pursuit of Balance” er ein organisasjon som står i spissen og som ønskjer å fremme betydinga og relevansen av balanse i California Pinot Noir og Chardonnay. Generelt kan vinen i dag spegle godt arbeid i vinmarka, tidelegare innhausting og ei handverksmessing tilnærming til vinmarka får produsentane vinar med lågare alkohol, fleire nyansar og større friskleik.

I vinregionen viser dei stor nysgjerrigheit til dei litt meir ukjende druetypane. Dei åtte vanligaste druetypane utgjer fortsatt 93% av vinmarksarealet. Kvitvinen ”Shebang II White Cuvee” er ein artig sak frå regionen og ein av mine favorittar: Tropisk frukt av aprikos, brente mandlar, mineralitet og ein fedme som kan minne om vanilje, men samtidig byr den på friskheit, gjennom sitrus på nasen. I munnen gir den tydeleg aroma av aprikos, mineralitet og meir av dei brente mandlane i avslutninga. Ei sann glede!

Nyt nyheitssleppet, det er mykje godt i vente.