Vin, ReiseAnniken England

Nyforelska hjå Perrier-Jouët

Vin, ReiseAnniken England
Nyforelska hjå Perrier-Jouët

Ingenting er som ei romantisk historie. Ei historie som får ein til å drøyme seg vekk og bli varm i heile kroppen. Får ein i tillegg bobler i glaset er det gjort.

I det boblene forlet kroppen er vi tilbake til den brutale kvardagen. Kvardagen som har sine gode oppturar og harde nedturar, men som likevel har si skjønnheit. Dei små lysglimta som får livet til å smile, er det ikkje dei vil lev for? Det gjer i alle fall eg!

Det er vanskeleg å ikkje bli poetisk når ein besøker Perrier-Jouët. Det at dei hadde pussa opp huset der det heile starta med nydelege innslag av kunstverk gjorde, om mogeleg, opplevinga endå meir unik. Huset er noko av det sjeldne, og det er absolutt verdt eit besøk i seg sjølv. Ikkje minst om ein vil drøyme seg vekk.

Perrier-Jouët vart etablert i 1811, eitt år etter at paret gifta seg. Mannen, Pierre Nicolas Pierrier, var frå Épernay og dreiv med korkproduksjon. Kona, Rose Adelaïde Jouët (Adèle), var dotter av ein Calvados-produsent. Ryktet seier at Adèle heldt orden på produksjonen og passa plantene, medan Pierre heldt styr på marknadsføringa. Saman kjøpte paret bygningen som ein finner langs

Adèle oppdaga kor utruleg bra drua chardonnay gjorde seg akkurat her, og etter vel tre år var vinen deira å finne i Storbritannia. Sjølv om dei starta produksjonen sin i dei åra vinhandel verkeleg fekk bein å gå på rundt om i heile verda, er det likevel imponerande at dei i 1847 eksporterte nærmare 90 prosent av salet sitt.

På denne tida var stort sett all champagne betydeleg søtare enn slik vi kjenner den i dag, og vinen vart helst nytta til dessertar. Det var difor høgst uvanleg då sonen til paret tok over drifta og produserte den fyrste tørre champagnen. Omgrepet  ”brut” kjenner vi i dag som tørr, og kjem opprinneleg frå ordet ”brutal”, som truleg var den tanken dei fyrst hadde om den nye, tørre vinen. Seinare kom dei også til å starte med årgangs-champagne, eller vintage.

Du har kanskje observert den unike dekorasjonen som er på flaska til Perrier Jouët Belle Epoque Brut? I 1902 hyra Henri Galice kunstikonet Emile Gallé til å designe ei ny flaske som skulle reflektere livet med si ånd og utvikling. Emile malte dei karakteristiske japanske anemonane på fire magnumflasker, men sjølv om designet var nydeleg var det diverre for dyrt til å masseprodusere. Flaskene vart difor lagra og lagt i kjellaren.

Kjellarmestaren André Baveret oppdaga desse flaskene i 1964, og huset bestemte seg for å gjenskape designet til den praktfulle 1964-årgangen.

Deira fyrste ”Belle Èpoque vart lansert i 1969 for å feire 70-årsdagen til den amerikanske jazzmusikaren Duke Ellington i den kjende restauranten Alcazar i Paris.

Kunst og vin står nært, og hjå nokre vinar er linken endå meir sentral. Hjå Perrier-Jouët er det tydeleg. Under Ellington-besøket var det ei sentral markering hjå vinhuset, nemleg reopning av huset med ny, frisk tapet og med ulike verk av kunstnarar som har tolka omgivnadane.

I tillegg vart det den gong utført ei unik smaking av deira 1825 champagne, som det no berre er to flasker igjen av.

Vi fekk nok ikkje prøve ein av desse, men vi heller fekk smake nok av deira Perrier Jouët Belle Epoque Brut 2008 som er frisk, delikat mousse med aroma av eple, grapefrukt og blomster.

Perrier-Jovet-2017-Photo-Svein-Lindin-9117-1024x683.jpg
Perrier-Jovet-2017-Photo-Svein-Lindin-9140-1024x683.jpg
Perrier-Jovet-2017-Photo-Svein-Lindin-9316-1024x683.jpg

Med bobler i glaset og eit lysglimt av historia til Perrier-Jouët er det lett å gløyme realiteten. Etterpåklokskap er det difor høgst naudsynt for å treffe bakkeplan, kjenne til historia deira, vite kva dei har skapt og glede seg over dei edle dråpane dei har skapt.

Lenge leve kjærleiken, og ikkje minst god champagne!