Norsk delikatesse med ein Italiensk storheit

Norsk delikatesse med ein Italiensk storheit

Kva er sesongens delikatesse? Eg har inga klart svar, men eit hav av alternativ.

Sanninga er at vi har ekstremt mykje godt å by på, og ikkje nok med det, men maten er kortreist. Det er ingenting som kan samanliknast med perioden vi er inne i. Finn fram dei siste restane av sopp, bær og kjøt, og nyt dei. Snart går vi inn i juletida der ein haug med godbitar ventar.

3923372223_cef44dc4d8_b.jpg

Det er noko unikt med å snike seg ut frå by, mas, sosialisering og ein fullbooka timeplan. I det avstanden mellom husa blir lengre og fjell blir høgare, smyg roen seg til kroppen. Her kan ein pakke seg inn i raggsokkar, stillongs, ulltrøye og fyre godt i peisen. Ute ruskar det, og det er vanskeleg å sjå stort meir enn tjue meterane frå hyttevindauga. Eit ekstra lager av tyttebær, sopp, eit stykke kjøt frå jaktinga og ei passande flaske vin er vanskeleg å slå.

Rettane er mange, men denne gangen vil eg prøve meg på hjortegryte. Hjortegryte er ein rik og eineståande rett. Det mest unike med gryta er innhaldet som består av kortreist ingrediensar som smakar haust.

9537232117_cabe8dbdbf_h-1024x768.jpg

Det er inga tvil at rask, enkel og smaksrik mat er det mest optimale. Og sjølvsagt passar hjortegryte alle kriteriane som er nemnd ovanfor. Det heile starta med å dele hjortestykket i bitar. Kjøtet vert bruna før løk og kvitløk vert tilsatt. Heimeplukka traktkantarell, einebær, tyttebær og gulerøter vert tilført i gryta. Det heile avslutta med ein dose cream fraich, ein skvett med solbærsaft og vatn. Salt og pepar tilføyer ein etter behov. Det heile smakar skog, haust og naturlege aroma.

Kombinasjonen av mat fører meg i retninga til Travaglini frå Gattinara Vendemmia 2009. Produsenten er den største i Gattinara med ein vinmark på 50 hektar. Målet var å vise potensialet til Nebbiolodrua, noko dei utan tvil har lykkast med. I fleire samanhengar har eg drukke vinen, men herlegheita drikk eg så gjerne igjen.

Smaksnotat:

  • Utsjånad: Middles djup raudfarge.
  • Nase: Open, aromatisk og utvikla. Aroma av tobakk, fat og raude bær.
  • Munn: Konsentrert og lang. Mykje av dei same aroma frå nasen, i tillegg kjem tørka frukt fram.

Ei magisk stemning fyller rommet i det stearinlyset og pesen er tent. Skåla fyllast av den deilege gryta og vinen finn vegen til glaset. Kjakane vert raude og kroppen er fylt med lykke.

Vinen og maten utfyller kvarandre. Kombinasjonen med mat kjem vinen med klare aroma av jord, krydder og tyttebær. Det er himmelsk godt.

Nyt mat, vin og dei siste haustdagane!

9774446753_24ff3d76c2_k-1024x574.jpg