Neste stopp?

Den fyrste gongen eg besøkte Frankrikes hage, Loire, forelska eg meg momentant. 

Overraskande nok ikkje i ein kjekk franskmann, men i eit vakkert område, aromatiske vinar og tradisjonell mat. Loire er truleg ein av dei vakraste stadane i heile Frankrike, og strekkjer seg frå byen Nantes ved Atlanterhavet til byen Sancerre. Elva Loire, med sine 1000 kilometer, er Frankrikes lengste og som går gjennom alle hovudområda. Innan dette området er Loire delt inn i fire hovudområder: Nantais, Anjou-Saumur, Touraine og øvre Loire.

Om du enten vil nerde litt meir eller bli meir forvirra er desse regionane inndelt i atter underliggjande appellasjonar. Eg skal ikkje oppmode til verken det eine eller det andre, men under mitt opphald var det Anjou-Saumur som var i fokus.

Ein kort gjennomgang av dei fire regionane: 

  • Nantes-områdetligg ved kysten. Drua muscadet, eller melon de bourgogne, trivst og lagar flotte vinar som ein gjerne kjenneteiknar som friske, lett, ukompliserte og gjerne med lett syrlegheit. På etiketten står det gjerne "Sur Lie" som betyr at vinen har lege vinteren over på sitt gjæringsbotnfall, noko som gir meir samansett aroma og noko større fylde. I området ser ein også at det er auka fokus på økologisk drift, i tillegg at dei satsar meir på kvalitet.
  • I Anjou-Saumurfinn ein alle typane vin; rosè, musserande, kvit, raud og søt kvitvin. I den elskverdige landsbyen Saumur har dei spesialisert seg på musserande vin laga på Champagne-metoden. Dei eg har smakt er aromatiske, tørre og med flotte bobler. Det er det verkeleg ingenting å utsette på, for dette er bra saker. For kvitvin vert druene chenin blanc, chardonnay og sauvignon blanc nytta, mendan det for raudvin er blant anna cabernet sauvignon, cabernet franc, malbec og gamay. Dei søte kvitvinane frå Anjou kan verkeleg anbefalt frå underområda Coteaux du Layon, Bonnezeaux og Quarts de Chaume. Den aromatiske drua chenin blanc vert angripen av Botrytis cinerea, også kjent som edel råte, som gir fabelaktige vinar med aroma av honning, floraksk og eple.
  • Touraineer mest kjent for sine raude vinar, men du har kanskje også registrert flotte musserande vinar frå Vouvray på polet? Det er inga tvil om at området produsera god vin.
  • Øvre Loire kjenner du truleg til bevisst eller ubevisst i forbindelse med den aromatiske drua sauvignon blanc, eller under områda Sancerre pg Pouilly-Fume. Området ligger faktisk på dei same geologiske kalkforekomstane som ein også finner i Chablis og i den sørlege delen av Champagne.
90804789_cda84652f2_z.jpg

Under fyrste besøket i Loire var det Anjou-Saumur som vart besøkt. Etter eit par dagar i Paris, hoppa vi på eit tog til Loire. I løpet av tre timar vart travle gater bytt ut med ope og vakkert landskap.

Under mitt opphald heldt vi til i landsbyen Saumur. Det er ikkje ein ting dei ikkje har, enten om det gjeld frukt, grønt, ost eller slaktar. Kanskje brutalt, men samtidig luksus å kunne handle alle råvarene like før eit måltidet.

Og det beste av alt, verdens flottaste dame varta oss opp.

Spesielt nøgd var eg når dagen starta med joggetur langs vinrankane etterfulgt av vinsmaking og eksepsjonelt god mat.

Det er fleire år sidan eg var i Loire, men minnene sit i som om det skulle ha vore i går. I morgon står endeleg ein ny tur til Loire på planen.

Det kriblar i heile kroppen, denne gongen er det fem forskjellige vinmesser vi skal besøka i Loire. Med tideleg avreise frå Bergen ventar tre innhaldsrike dagar med mest mogleg smaking, gjerne til munnen er heilt nummen, og sjølvsagt mykje lærdom.

Salondes vins de Loire er den største messa, mendan dei fire andre; Dive Bouteille, La levée de la Loire, Grenier Saint Jean og Le vin de mes amis er mindre, men med svært kult innhald

Og ja, eg skal oppdatere dykk.

2016 har generelt vore eit vanskeleg år for Loire. Mykje frost har resultert i lite volum, men det ryktast at kvaliteten er svært god. Desto meir spanande vert det difor å smake på denne nye årgangen, spesielt om ein får samanlikne med tidelegare år.

Eg kryssar difor fingrane for atter ein flott tur med bra folk, god vin og mykje ny kunnskap.

Kva enn du skal, ha ei strålande helg.