Naturleg(vis) vin i Nice

På reise til det store utlandet må eg sjølvsagt plukke med meg nye flasker som ikkje er tilgjengelege i Noreg. Sjølv om vi skal sette pris på Vinmonopolet, med all deira kunnskap og store vinutval, er det heller ikkje feil å prøve noko som ikkje er tilgjengeleg der….enno.

Naturvin er noko som kjem meir på bana i Noreg, men vi har på langt nær same utvalet som i Europa. Eg har før diskutert og snakka kort om naturvin, for ja, kva er vel naturvin?

Naturvin er altså vin der det i vinmarka eller framstillinga er brukt få eller ingen tilsetningar, inkludert svovel, eller sulfittar som du gjerne kjenner det som. Generelt går ein tilbake til ”eldgamle” metodar for å lage vin. Mi oppfatning er at vinen vert laga heilt utan noko form for tilsetning, og då spesielt inga tilsetning av svovel, og med minst mogleg menneskelege inngrep.

Eg har mange tankar rundt industriprodukt og kjemikaliar som vi finn stadig meir av i både mat og drikke. Samfunnet har sakte byrja å undersøke kva desse gjer med helsa vår samanlikna med kosthaldet vi hadde før.

Dette er eit tema eg gjerne vil kaste meir lys over framover, men enn så lenge skal eg berre halde meg til naturvin.

Truleg er det ikkje heilt rett å fremje alkoholmengd (noko eg sjeldan gjer), men om ein drikk eit glas eller to for mykje av naturvin opplev eg at kroppen handterer det langt betre enn med kommersiell vin. Kanskje ligg det noko i det?

Ikkje berre handterer kroppen betre naturvin, men veldig ofte finn ein også nye smakar, utviklingspotensial i vinen over ein kveld eller over eit par dagar og konsentrasjon.

Vinbutikken/minibaren Le Part des Anges fekk hjartepumpa mi til å pumpe ekstra hardt. Ikkje berre grunna det å vere omgitt av personar som deler den same vingleda som meg, men også på grunn av tanken på det enorme arbeidet dei har gjort for å samle alle desse godbitane som er å finne i butikken.

Eg plukka med meg nokre godbitar, som;

  • Dom. Le Briseau lucky pineau d aunis Loire de table France
  • Bianchetto 2015 Lammidia frå Abruzzo Italia.
  • Domaine de L'Ausseil Ou Papillon, IGP Cotes Catalanes, France
  • Jean-Baptiste Menigoz La Pépée Pinot Noir 2015