Muga – vinsmaking frå Rioja

Muga – vinsmaking frå Rioja

Litt syd forCantabrian-fjellane ved elven Ebro finner du Rioja, eit vinområde som har vore det mest kjende og klassiske i Spania.

Deira lagringsdyktige vinar gir dei dette rykte. I regi av Apéritif smakte vi oss igjennom nokre av dei beste vinane presentert av Jesus Viguera frå Bodegas Muga. Alt frå dei nyleg tappa friske kvit- og rosévin, og tilbake til dei unike årgangen 1994 og 1991.

Det heile starta i 1932 då Bodegas Muga vart grunnlagt av Isaac Muga Martínez. Bakgårdsbutikken i Haro skulle vere starten på det som i dag er ein av Spanias mest kjende vinhus. Barnebarna Emanuel, Juan og Jorge held fram med familiedrifta i dag. Stadig på leit etter betre kvalitet har dei satt ei ny standar for Crianza, Reserva og Grand Reserva.

Vinmark hjå Muga
Vinmark hjå Muga

Rioja delar ein inn i tre; Rioja Alta, Rioja Baja og Rioja Alavesa. Rioja Alta er mest anerkjend for å vere den beste, der vinmarkane ligg høgare enn dei to andre. Området er fyrst og fremst kjend for raudvin, men det produserast i aukande grad også rosé-, kvit- og musserande vin.

Bodegas Muga er lokalisert i den nordlege delen av Spania i distriktet Rioja Alta. Dei har heile 220 hektar vinmarkar og like utanfor byen Haro ligg vineriet og kjellaren. For å sikre seg god tilgang på jamn druematerial har dei utvida ved å langtidsleige ytterligare 120 hektar.

Jesus Viguera kom frå Bodegas Muga for smakinga denne kvelden. Han kunne fortelje om fokuset deira på økologisk og naturleg vinframstilling. Muga er ein tradisjonell produsent, men ser likevel ikkje med skepsis til å dra nytte av ny teknologi. Erfaringa har dei i hovudsak frå gamle prinsipp, som til dømes at all vin vert klarna av eggekvite. Heile 40.000 egg bruker dei per år til klaring. Produsenten er ikkje sertifisert økologisk, men i vinmarka jobbar dei utan kunstgjødsel og plantevermiddel. Druerestane frå produksjonen lagast til kompost som i sin tur nyttast som næring til vinplantene.

Eggeskallrester etter klaring
Eggeskallrester etter klaring

Jordsmonnet deira består av leirholdig jord med innslag av kalk og sand. I løpet av dagen varma sola opp jorda og held godt på varmen slik at druene får ei gradvis nedkjøling utover kvelden. Temperaturforskjellen svingar mellom dag og natt ettersom vinmarka ligg på ein høgde mellom 500 til 600 m.o.h.

I tillegg har familien tre dedikerte bøkkara som lagar alt som nyttast av fat i tillegg til dei store eikeliggarane på 40 hektoliter som nyttast til gjæring av vinen. Utruleg nok er Muga ein av berre seks eigendommar i verda som har ansatte bøkkara, det burde sette ting i perspektiv.

bøkker
bøkker

Smaksnotat:

Muga Blanco 2013 90% Viura og 10% Malvasia frå vinstokkar eldre enn 25 år. Starta innhaustinga i byrjinga av oktober, druene vert sortert, stilk vert fjerna før knusing og pressing med maserasjon i åtte timar. I nye fransk eikefat går gjæringa fram naturleg og lagrast så på botnfallet (sur Lie) i tre månader før tapping på flaske.

Vinen er klar, gul, middles/minus intensitet. Gul farge med hint av grønt skjær. Nase mot grøngule eple, mineralitet, floralsk, sitrus, smør og hint av krydder. Smakfull og konsentrert i munnen med friskheit, fylde og god intensitet. Aroma som på nase der vinen byr på flott syre og i tillegg til krydder. Ein flott vin som er lang.

Muga rosé I byrjinga av september starta innhaustinga. Druene vert avstilka før pressinga for å unngå tanniner og bitterstoffar. Majoriteten er Garnacha, og ein mindre andel Viura. Dei forskjellige druetypane vert gjæra seperat på eikefat før dei ligger ca. tre månader på fint bunnfall.

Vinen er klar, stor kjerne med farge mot lakserosa. Vinen er noko lukka på nasen, men med nokre aroma av rose, jordbær og rips. I munne har den flott syre, aroma av grøne eple med floralske tonar, jordbær og hint av krydder. Lang, flott rosé.

Muga Seleccion Especial Vi smakte årgangane: 2006 og Reserva 1994

70% Temperanillo, 20% Garbacha og 10% Graciano og Mazuelo. All druer er plukka i oktober frå vinstokkane på meir enn 25 år. I store eikefat går gjæringa for seg før druemosten ligg 20 dagar saman med drueskalla. Kvar druetype vinifiserast for seg sjølv. Og lagrast så i seks månader i store tradisjonelle eikeliggara før dei lagrast i ytterligare 30 månedar på små fat av ulik alder. Det er fyrst no dei blandar saman vinen, og tappar vinen på flaske, der 12 nye månedar med lagring venatar. Seleccion Especial vart laga fyrst i 1994, som en ny type super reserva med strengare selektering.

2006: Klar, stor kjerne, farge mot rubinraud farge. Vinen er noko meir lukka enn dei tidelegare. Ein får likevel nokre aroma av bjørnebær, solbær, lær, fjøs i ei tørrare stil enn dei tidlegare. Tanninane er faste. Vinen er lang, konsentrert og har ei fin balansert frukt.

Reserva 1994: Klar, farge som får ei brun-oransje tone, stor kjerne. 1994 var ei svært bra år, truleg det beste. Nasen er noko lukka med gir tonar som kan minnast om oksidasjon, sherry, raud frukt mot jordbær. I munnen rommar hint av oksidasjon, tørka frukt, jordbær. Tanninane er fine og den er lang.

Torre Muga 70% Temeranillo, 15% Mazuelo og 10% Graciano. All druer er plukka frå vinstokkane på eldre enn 30 år. Druene kjem frå deira høgstliggande markar.

Druene er handplukka i oktober. Gjæringa skjer i store eikefat, og druemosten ligger 20 dagar saman med drueskallene. Kvar druetype vinifiserast for seg og lagrast i seks månedar i store tradisjonelle eikeliggere før dei deretter lagrast i 18 månedar i nye franske fat. Vidare modning i flaske minst 12 månedar før den er klar for sal.

2006: Klar, stor kjenre med ei svært liten kant. Farge av kirsebær og ung i utsjånaden. Varm frukt, men med noko størrare ende enn Pardo Enea Gran Reserva 2005. Nasen er aromatisk med tonar mot kirsebær, krydder, tydeleg eik og stein. I munnen kjem dei faste tanninane tydelegare fram der krydder og mørke bær utfyller smaken. Vinmarkane frå Villablaområdet har ein alder på 60 år, der vinen har fått eit opphald på 18 månader på fanske fat.

Prado Enea Grand Reserva Vi smakte årgangane 2006, 2005 og 1991.

80% Temperanillo, 20% Garnacha, Graciano og Mazuelo som er typisk blanding for raude. Riojavinar. Laga av gamle druestokkar, alle meir enn 30 år gamle.

Alle druene handplukka i oktober. Gjæringsprosessen skjer i store eikefat på 10 000 liter, og druemosten ligg opptil 20 dagar saman med drueskallene for å avgi smak, struktur og aroma. Kvar druestort vinifiserast for seg. Vinen lagrast i 12 månader på store, tradisjonelle eikeliggara og deretter 36 månader på små fat før den lagrast ytterligare 36 månader på flaske før den er klar for sal.

2006: Klar, stor, kjerne og farge mot kirsebær. Dominera av lær, fjøs, noko animalsk. Byr på flott syre, raude og blå tonar, animalsk. Svært flott vin!

2005: Klar, stor kjerne og med farge mot kirsebær. Aromatisk både på nase og i munn. Varm frukt mot raud/mørke bær, framprega lukt av vanilje, krydder og noko som kan minnast om sjokolade. Oppholdt seg på 36 månader på fransk og amerikansk eik, etterfølgt av 36 månader i flaske.

1991: Klar, kirsebærraud med hint av brun. Nasen er aromatisk. Raude bær mot jordbær og kirsebær, noko i retninga mot eik og animalsk. Munne har tannin, bær, og krydder.

Ei smaking er inga lik, og spesielt ettersom ein er på leit etter nye smakar. Denne smakinga var ekstra spennande ettersom vi fekk samanlikna ung, fersk, fyldig Rioja, mot den meir utvikla og lagra vin frå området. Spekteret viste potensialet til produsenten, kor bra dei jobba allereie frå byrjinga for å oppnå eit så optimalt resultat som ved eldre vinar. Karakteren gjekk frå å vere ung, frisk, fyldig, til å få nokre avrunda tanninar som er snillare og meir behageleg i munn, til å by på tørka frukt, sherry og deilege raude bær. Ei artig smaking med flotte vinar!