Mini nettkurs

Dei fleste av oss assosierer påsken med snø, fjell,  sol, kvikk-lunsj, raudvin og lam,- det gjer vertfall eg.

Vi nordmenn et tre gonger så mykje lam i påsken som elles i året, men har du tenkt på kva som passar til i glaset? Om du ynskjer å lære meir om raudvin; korleis ein smakar, kva som kjenneteiknar dei ulike druetypane og få oppskrifter med optimale anbefalingar, sjå gjerne videoen her eles vil eg anbefale deg å ta mitt minikurs ”Raudvin til påske”.

Kurset består av korte videoar der eg introduserer deg for grunnleggjande kunnskap om raudvin. Det perfekte er at du kan ta kurset i ditt tempo og akkurat der du er og med kven du vil. Eg anbefaler kurset som ein påskeaktivitet; raudvin, lærdom og godt selskap,- kva er vel betre enn det?

Påske-1.1-1024x683.jpg

I kurset skal eg guide deg igjennom:

  1. Korleis ein smakar på vin?
  2. Kva som kjenneteiknar dei seks viktigaste druetypane?
  3. Analyse av anbefalte vinar med anbefalte oppskrifter til.

I tillegg kjem det nokre ekstra videoar i bonusmaterialet.

Bli med på kurs! Du vil få meir inspirasjon, lærdom og gode anbefalingar som du ikkje vil gå glipp av.

Prisen er 438 kr.

Trykk på "Bli med"-knappen, fyll inn informasjonen, betal og vipps får du ein mail i innboksen din med innloggingsinfomasjon og tilgang til kursportalen. Eg legg deg inn i Facebook-gruppa, og du er i gang!

Kurstilgangen din går aldri ut på dato..

Send meg ein mail om du har spørsmål,- eg vil gjerne høyre frå deg. :)