LYSTEN   PÅ   AMARONE?

Men ikkje prisen? Det er ein ærleg sak. Eg kom nyleg over eit særs godt alternativ, eller kanskje faktisk betre enn sin stivprisa italienske bror?

Italiensk vin er mestseljande i Noreg. Sanninga er at dei knuser dei andre (vin)stormaktene og trenden ser ut til å bli verande i fyrste omgang. Kvifor? Eg trur italienarane har knekt kode til kva marknaden vil ha. Landet, forma som ein damesko, har gjort det utrulege innan sine vinregionar. Dei tilbyr eit mangfald av vinstilar som vi i Noreg finn gleda i. Ein av desse vinstilane er Amarone.

Amarone er ein vinstil frå Valpolicella i Veneto nordaust i Italia. Valpolicella har truleg fått mest merksemd for sine to passitoviner; altså den søte recioto og den tørre amarone. Prøv gjerne den søte recioto til ein sjokoladedessert og du vil få deg ein ny leikeven - det er godt det.

Vinstilen Amarone kjenner du sikkert betre til. Bakgrunnen for desse fyldige og aromatiske vinane er framstillingsprosedyren deira. Ein legg dei søtaste og sunnaste druene etter hausten på tørk (også kalla appassimento) på stråmatter eller i trekassar på tørkeloft. Druene ligg der fram til januar eller februar månad. Føremålet med metoden er å redusere væskeinnhaldet for å få ein meir konsentrert druejuice til å framstille vinen med.

Enamore 2013 er ein argentinsk raudvin produsert i eit samarbeid med italienske Allegrini og chilienske Renacer i argentinske Mendoza. Med ein framstillingsprosess lik den i Italia (appassimento-metoden) har dei produsert ein særs fyldig vin. I tillegg vert vinen lagra 12 månadar på franske eikefat. Resultatet byr på masse aroma. Kjenner etter kva du luktar, det er eit hav av aroma å hente. For min del dominera det av tørka, friske bær av plommer med ei flott tanninstruktur. Eg meinar vinen har fylde og konsentrasjonen til ein Amarone, om ikkje betre, men i sin priskategori er argentinaren overlegen. Om du skulle stille deg spørsmålet vert Enamore produsert på druene: Malbec 60%, Cabernet Franc 23%, Cabernet Sauvignon 10%, Syrah 4% og Bonarda 3%.

Argentina produserer eit mangfald av gode vinar. Nokre av desse kan ein finne på det norske marknaden. Grunnen til at eg er ein stor tilhengjar av deira evne til å produsera fyldige og aromatiske vinar til ein relativt rimeleg penge. Den vesle økonomen i meg kjem snikande fram då eg skal velje pris opp mot innhald, og det er for meg viktig å få ”mykje vin for pengane”. Ettersom argentinarane har for vane å ete mykje kjøt, treng dei vin med god fylde og struktur for å harmonere med måltidet, og det klarar vinane deira.

Grillmat kan gjerne bestå av marinert kjøt. I kombinasjon med vin ønskjer ein gjerne fylde, sødme og bra med frukt. Vinen Enamore er eit svært bra alternativ. Den fyldige vinen gir deg både den optimale vinen - Her er det berre å nyte.