Mat, VinAnniken England

Lun sjokolademoelleux til dessert

Mat, VinAnniken England
Lun sjokolademoelleux til dessert

Kva for vin drikker ein til Lun sjokolademoelleux, sjokoladejord og bringbær?

 

Sjokolade moelleux

170 gram sjokolade

170 gram smør

4 egg

170 gram sukker

Smelt saman sjokoladen og smøret. Pisk saman egg og sukker, og bland alt saman. Ha blandinga i ei langpanne på 100 grader i 1,5 time.

 

Sjokoladejord

35 gram sukker

35 gram mandlar, hakka i ei kjøkkenmaskin

0,4 dl kveitemjøl

20 gram kakao

20 gram smelta smør

Forvarm steikeomnen til 160 grader. Smelt smøret på middels sterk varme og avkjøl til romtemperatur. Bland saman dei øvrege ingredisensane og bland inn smøret. Ha blandinga på eit steikebrett med bakepapir og steik på midterst rille i omnen i 20 minutter med ein gaffel halvvegs i steikinga. Avkjøl i romtemperatur og oppbevar i lufttett boks i romtemperatur i 2 til tre veker.

 

Bringbærsaus

Bruk helst ferske bringbær, men ein kan også nytte frosne. Kok opp med litt sukker og vatn. Tilsett litt sitron. Smak til med sukker.

 

Vin til sjokoladedessert

Det er ingen enkel kombinasjon, men den rette kombinasjonen mellom vin og sjokolade er slett ikkje feil. Fleire faktorar spelar inn, deriblant kva for kakaobønner ein nyttar. Kor mykje bitterstoffer sjokoladen har vil altså avhenge av kvaliteten på sjokoladen. Fellestrekket for valet av vin er at den må ha ein viss sødme og konsentrasjon for å takle bitterstoffa i sjokoladen. Denne gongen valde eg ein recioto, som er vin laga på tørka druer, fordi den har lågare alkoholprosent og er eit godt val til runde sjokoladedesserter. Prøv difor Tommasi Recioto Fiorato 2013 til denne desserten.