Lufte litt fascinasjon

Har du tenkt over kvar ein finn sansecellene som oppfattar aroma? 

Ein tenkjer gjerne at det er i munnen, men det er feil. Sjølve smakssansen er det riktig nok tunga som tek seg av, men når det kjem til aroma er det nasen som gjer den jobben. Munnen er eit primitivt sensorisk verktøy. Dette fordi den berre skil mellom fem ulike smaksretningar: søtt, salt, surt, bittert og umami. I tillegg registrerer munnen smak, temperatur og konsistens.

Tenkt tilbake til når du sist var forkjøla, maten smakte lite mot ingenting. Hovudgrunnen er at gangen til nasen er fylt med slim, og smaksopplevinga blir ”amputert” fordi luktesansen er sterkt svekka. Då gir det kanskje betre meining at nasen er vel så viktig som munne.

Så, kva er greia med at det er nasen som registrerer aroma? Det er høgst naudsynt med ei kort utdjuping.

Eg skulle gjerne ha forklart eksakt kvar i nasen ein oppfattar lukt, men det kan eg ikkje. Det eg derimot kan nemne er at langt bak i nasen kan ein finne eit 1,5 cm2 følsamt olfaktorisk senter.

Dette senteret ligg godt beskytta , med sine om lag 50 millionar små nerveceller.

Tenk over alle luktene som er rundt deg i løpet av ein dag. Med ein gong tenker eg på kollektiv transport. Det er eit heilt strålande framkomstmiddel, men ei absolutt negativ side er alle lukter som er der. Det har skjedd opp til fleire gonger at eg har gått av bussen fordi luktene var så intense at eg vart uvel.

Pingle? Ja, det kan du gjerne sei, men eg er også svært merksemd på luktene rundt meg. Uansett, vi kan sei oss einige i at vi utset oss for mange lukter i løpet av ein dag.

Alle desse inntrykka kan slite oss ut om vi ikkje bearbeider og er selektive. Nasen registrerer alle dei ulike luktene, og hjernen bearbeider den informasjonen den får frå lukteorganet vårt. Hukommelsen kjem på bana med å krysskontrollere kva vi kjenner til frå før og kva for lukter som er nye eller uvante.

Ikkje nok med det, men hukommelsen hjelp oss også med å sette ord på kva vi luktar. Dette er avgjerande for at me skal kunne beskriva til andre kva me har lukta, til dømes for å kunne diskutera vin.

Det gjeld difor å lukte på alt rundt deg,- i butikken, krydder, hanskar, dyr, maling, gras, eple, ja, rett og slett alt. Repeter gjerne mange gonger for at hukommelsen skal kunne plassere rett lukt til rett ord.

Du har kanskje ikkje tenkt over det, men for ein profesjonell smakar er hukommelsen svært sentral. For dei er det å repetere heilt essensielt for å bli ein betre smakar. Ingen er fødd med unike lukte- eller smakeevner, det må faktisk trenast masse.

I denne gong kan vi kort konkludere med at munnen åleine er eit for enkelt verktøy, men vi har likevel stor nytte av den til tross for munnen si sneverheit er den essensiell for korleis heilheitsinntrykket vårt blir av det vi smakar. I tillegg bit me oss merke i at nasen er gull for å plukke opp aroma

Ein ting er sikkert, smak gjer livet rikare.