Legenda

Med eit glimt i auga og ein heilt særeigen stoltheit over vinane sine, måtte vi stoppe for å snakke med legenda Jean Pierre Robinot.

Eit par veker før smakte eg to av hans vinar for fyrste gong. Det var kjærleik, ekte kjærleik frå fyrste slurk. Eg opplevde raudvinen Robinot Le Regard 2014 som svært aromatisk med lukt av raude bær, som markjordbær, og lett krydder. I munnen var den rein og saftig og baud på sursøt og saftig smak. Det var heilt fortryllande.

Under vinmessa, Dive Bouteille, har vinbøndene ein stand lokalisert rundt kvar si vintønne. Der kan ein stille alle spørsmål ein måtte ha, eller berre smake på vinane deira mendan dei fortel om produksjonen. Nokre vinbønder er dønn seriøse, andre meir sprudlande og engasjerte, medan nokre heller smakar på vinen til naboen framfor å reklamere for sin eigen.

Rundt Robinot kryr det av folk. Kvar og ein får hans merksemd, og dei må smake på alle vinane. Sjølv prøvde vi å takke for oss etter at vi hadde smakt på halvparten av hans vinar, ikkje fordi vi ikkje diggar dei, men fordi vi hadde framleis ei rekke produsentar vi skulle møte. Robinot berre smilte lurt og fortsette. Heldigvis! 

Det er kjekt å sjå Robinot på heimebane i Loire. I den vesle landsbyen Chahaignes i Coteaux du Loire, nord for Saumur, driv han vinproduksjon etter biodynamiske prinsipp.

Etter å ha drive ein av dei fyrste naturvinbarane "L`Ange Vin” ("englevin") i Paris og starta opp vinmagasinert Rouge et Blanc på byrjinga av 1980-talet (som framleis er eitt av dei viktigaste magasina i Frankrike), fekk han ei trong til å lage sin eigen vin.

Han innsåg at han ville flytte tilbake til heimbyen og byja difor å leite etter ein eigendom med mark til å dyrka vindruer. I 2002 kjøpte han sine fyrste parseller og eit lite gardshus.

Saman med kona si Noella byrja han å kjøpe små tomter. Tomtene hadde gamle vinstokkar samt planta dei nye vinstokkar med druene chenin blanc og pineau d`Aunis. Sistnemnde er ein lokal raud variant som er sjeldan og veks nesten berre i delar av Loiredalen. Ein kan samanlikne drua med karakterane ein kan finne i pinot noir, lys på farge, men med mykje meir aroma av urt og krydder.

Jean Pierres tolmod vert gjenspegla i vinproduksjonen. Alle hans vinar vert gjæra naturleg, generelt veldig sakte i over eit år, før dei så ligg på gamle fat i ein fuktig kjellar som er skoren direkte inn i fjellet for mange år sidan. Utruleg nok held fata framleis saman. Vinen ligg i tønnene til dei er ferdige, noko som kan ta opp til fem år.

Med to Domaine utgir han vinen under namna: Les Vignes de l`Ange og L`Opera des Vins. Den fyrste, Les Vignes de l`Ange, er frå plottar som han driv sjølv under økologisk og biodynamisk produksjon, medan den andre, L`Opera des Vins, vert laga på druer han kjøper frå venner som driv på same måte som han.

Produksjonen er den same for begge Domaine.

Ivrig fortel han om etikettane sine som er fotografi han har tatt. Kvar enkelt vin får ny etikett kvart år, men den same vinen får ein etikett som har same uttrykk og skal soleis vere mogleg å kjenne att.

Vi smakar på alle vinane hans. Nokre skilde seg meir ut enn andre, men felles for vinane var at dei hadde alle ein kul stil, var aromatiske og ekstremt konsentrerte.

Eg har ikkje noko anna å seie enn at karen er ein legende.