Lamme lår og rød vin.

Såleis! Grammatikknerdane si oppmerksamheit og kanskje sinnet er no retta mot denne artikkelen. Les vidare!

Om du ikkje er sint, eller heilt skjønte kva som er galt? Eg har dessverre ikkje tid, eller fargestifter nok til å forklare særskrivning for deg. Derimot håper eg å lykkast i lære deg korleis lammelår og raudvin saman kan smake himmelsk.

I Vinmonopolets siste magasin stiller kokken Heidi Bjerkan spørsmål til kvifor lammet står oss så nær påsken? Ein tenkjer gjerne ikkje over det, men lammet vert slakta på hausten, noko som tyder på at det mest truleg har vore frosent. Personleg finner eg lam på påskemenyen opp til fleire gonger. Eg er klar over fakta, men påsken er ikkje heilt den same utan lammet.

I Noreg et vi tre gonger så mykje lam i påskemånaden som elles i året. Lammekjøtet karakteriserast med mykje eigensmak og fett. Kombinerer ein kjøtet til vin vil den krevje ein vin med tydeleg karakter, spenstig syre og tydelegare tanninar. Ein nyttar gjerne godt med kvitlauk og rosemarin til steikinga noko som gjer at vinen må også ha god fruktigheit.

Frå kjellaren til Fontodi.
Frå kjellaren til Fontodi.

Drua Nebbiolo er ein klar favoritt til måltidet. Vin laga på drua Nebbiolo kan vere utfordrande for munnen; med høg syre og tanninar. Munnen treng tid til å trivst med den krevjande vinen og ikkje alle er like stor tilhengjar av kombinasjonen. Fortvil ikkje ein kan nytte andre druer. Bestill gjerne tideleg frå polet for å sikre deg din favorittvin.

Eit utsøkt alternativ er ein klassikar frå Chianti Classico laga på drua Sangiovese. Fontodi har lokalisert vinmarka i hjarta av Chianti Classico, syd for landsbyen Panzano, kalla “Conca d’Oro” (det gylne skjell). Vinmarkene har lange tradisjonar for ypperlege vinar. Terroir, gode solforhold og eit levande mikroklima gir grunnlag til eit utsøkt resultat. Med ei passe høgde over havet får dei ei distinkt temperaturforskjell mellom dag og natt.

Vinmarka til Fontodi.
Vinmarka til Fontodi.

Hjå Fontodi vil ein finne både fat og ståltankar i kjellaren. Alt er bygd på nivå der naturlig gravitasjon kan nyttast slik at vinen ikkje pumpast.

Min anbefaling:

Fontodi Chianti Classico, Toscana 2011

Lukt: Flott nase: Nøtter, lær og bær. Det er tydeleg plommer og kirsebær, nokre tonar går i retninga av tørka raude bær, lakris og fat. Smak: Delikat og konsentrert. Vinen er både saftig, balansert og har ei lang tanninstruktur med mykje smak.