Kvitvinskuppet!

”Hugs å helse til Frank”, sa ho med eit solid smil.

Som franskmenn flest helsar også Frank Bimont med eit kyss på begge sidene av andletet. Personleg er eg så norsk som det går an å bli når det kjem til intimgrenser, spesielt i byrjinga.

Ettersom eg er på besøk, må eg derimot legge mi haldning til sides og helse på franskmenn som franskmenn sjølv gjer det. Eg skal faktisk innrømme at dette er ein varmare og flottare måte å starte ein relasjon på, enn den meir kalde og distanserte norske måten.

Vinbonden Frank er audmjuk, hyggeleg, og viktigast av alt; lidenskapleg oppteken av vinane sine.

I fleire år har kvitvinen hans, Guyons Saumur Cuvée Vent du Nord, vore ein av mine klare favorittar. Innhaldet er utruleg bra og ikkje nok med det, prisen gjer kvitvinen til eit røvarkjøp. Om det er ei flaske ein bør ha liggande i heimen til uventa besøk, er det denne.

Frank Bimont held til i Saumur som ligg midt mellom byen Tours og Angers. Han lagar vin på Domaine des Guyons av druer frå vinstokkar som held 60 år.

Årgangen 2015 var varm, og med Frank sin produksjon frå gamle vinstokkar merkar ein det i vinen; den er aromatisk med flott sturktur. Året etter, 2016, var ein vanskelegare årgang for majoriteten av vinbøndene i Loire, på grunna av mykje regn.

Då eg spurde Frank om kva han tenkte om årgangen 2016, rista han berre på hovudet. Det hadde regna overalt rundt han, men utruleg nok ikkje hjå han. Han hadde tydleg sympati for sine mange vinproduserande venner , men noko form for forklaring hadde han ikkje.

Resultatet for 2016 ser difor, for Franks del, lovande ut, noko smaken av den uferdige juicen stadfesta. Frank sjølv er også optimistisk.

Vi fekk smake fleire av vinane hans, og over heile linja er det gode vinar. Eg er godt nøgd med all vinen som er å finne på den norske marknaden allereie, men kryssar samstundes fingrane for at det snart kjem fleire.

Det var kjempekjekt å få møte karen bak vinen som eg er så glad i, og etter smakinga og samtalen med Frank forstod eg godt at han var omkransa av folk som ville helse på.