Kva et ein i Nice?

Det å oppleve andre sine vanar og tradisjonar er noko vi alle har godt av. På besøk i Frankrike er boulangerie (bakeri) eit must, gjerne med ein espresso og ein søtbit før dagen er i gang.

5190646086_64f9a7d82d_b-680x1024.jpg

Heldigvis har mine franske venner forstått at eg gjerne vil ha meir til frukosten enn berre søtsaker, og difor er baguette med syltetøy også innført til dagens fyrste måltid.

Boulangerie har ikkje berre ei spesiell tyding ved at ein får ferske bakevarer og søtsaker ein berre kan draume om, men dette minnar meg også om ein av mine favorittpersonar. Nemleg morfar, som også var bakar..

Morfar var ein ekte bestefar med eit hjarte av gull. Karen var smørande blid, med ein appetitt som ein elefant, og stod gjerne time etter time for å tilbereie eit måltid til seg sjølv eller heile familien. Medan han smakte på sausen tok han seg på den store, runde magen og nikka nøgd. Han kunne verkeleg kunsten å lage mat.

61203469_4f5565f011_z.jpg

Tilbake i Nice var det difor ekstra stas å byrje dagen med å gå ned mot promenaden, stoppe innom eit boulangerie for å ta med bakeverk og kaffi, for so å nyte frukosten i varmen medan bølgjene slo opp mot standa.

Frukosten er ikkje det einaste måltidet der du kan kjøpe med deg noko godt for å nyte ute i det fri. Stort sett alle matvarebutikkane har ferskvarediskar der ein kan plukke opp ost, skinke, kjøtstykker og generelt sett eit hav av råvarer av topp kvalitet.

Ein ting franskmenn er ekstremt gode på er nemleg det å finne noko lite å tygge på ved sidan av ”den verkelege” maten.  Dette kan vere alt frå spekeskinke, ost eller sylta grønsaker til brød eller nøtter. Det er ei fin greie. Finn deg noko lite du vil småete og drikke på før du tilbereier eit måltid eller besøker ein av dei spanande restaurantane. Det er fullt mogleg å kjøpe med seg ei flaske vin på matvarebutikken om du ikkje tek deg tid til å besøke ein av dei mange vinbutikkane.

Like før avreise fekk eg naturvinbutikken Le Part des Anges anbefalt. Eg var heldig som kunne snike med unna gjengen og rakk å besøke vinbutikken. Konseptet var enkelt, med moglegheit til å smake på nokre forskjellige vinar, både musserande, kvit og raud vin. Ved sidan av fekk me servert noko lite å bite i. Dei har verkeleg skjønt det, desse franskmennene.

Vinbutikken dekker vinar frå heile Frankrike, men primært naturvin. Variasjonen er stor, med vinar både frå kjende og mindre kjende produsentar. Prisen er det heller ikkje noko å seie på.

Ikkje nok med det, men butikkeigarane har i tillegg starta opp ein restaurant der dei tilbyr ein liten meny med solide rettar. Om du ikkje er open for nye smakar og kombinasjonar er dette truleg ikkje plassen for deg, men om du er prøv ut La mise au Verre.

Er du nyfiken og vil ha skikkeleg gode vinar?

Bilde-03.06.2017-20.05.26-182x300.jpg
Bilde-03.06.2017-20.51.04-171x300.jpg

Vi prøvde blant anna desse på La mise au Verre.. mmmm!

Elles kjem ein ikkje unna å smake på skaldyr, då havet ligg like ved. Blåskjela her er salte, fyldige og saman med pommes fritesen er det verkeleg balsam for sjela.

Til tross for få  reisetips før avreise til Nice, kom vi over skikkeleg flotte opplevingar. Det gjer meg freista til å besøke Nice igjen, og ikkje minst ta ein liten del av deira frukostvanar, sjølv om eg ikkje kan gjere det til kvardagen.