Kva er pét nat?

Faktisk er pét nat ei forkorting for pétillant naturel som er fransk og betyr naturleg boblande.

For min del held det med å bruke pét nat ettersom mi evne til å uttale alt anna enn ”sognamaol” er heller skral. Vinen er perlande, lett og gjerne økologisk eller biodynamisk. Ai, stopp ein halv. Ordet økologisk vert flittig nytta, men kva betyr det? Du har sikkert også høyrt omgrepa biodynamisk og naturvin, så lat oss ta ein rask oppklaring her på ein fredag:

  • Økologisk vin – er ein sertifisert økologisk er det forbode å bruke giftige, helseskadeleg sprøytemidlar og kunstgjødsel i vinmarka. Dette gjer ein fordi ein ynskjer å legge til rette for eit økosystem i og rundt vinmarka som styrkar vinplantene sitt immunforsvar. Målet er å skape eit sunt og levande jordsmonn. Trass stengt regelverk er det likevel nokre preparat som er lovlege i vinmarka.
  • Biodynamisk vin – her er reglane langt strengare enn for økologisk vinproduksjon, men også her er det nokre tilsetningsstoff som er lovlege, deriblant industrigjær. I tillegg kan ein hardt filtrere og tilsette unødvendig mykje svovel. Filosofien er å sjå på vingarden med dyr og planter som eit eige økosystem, i harmoni med naturen sin eigne livssyklus.
  • Naturvin: Naturvin er altså vin der det i vinmarka eller framstillinga er brukt få eller ingen tilsetningar, inkludert svovel, eller sulfittar som du gjerne kjenner det som. Generelt går ein tilbake til ”eldgamle” metodar for å lage vin. Denne eldgamle metoden kallast gjerne methode ancestral. Mi oppfatning er at vinen vert laga heilt utan noko form for tilsetning, og då spesielt inga tilsetning av svovel, og med minst mogleg menneskelege inngrep.

Heilt på tampen på dette området skal du vite at ikkje alle som praktiserer ein av desse framstillingane er sertifiserte. Du kan kanskje påpeike at det er slapt, men dei har sine argument for å la vere.

Men, kvar var vi? Jo, Pét nat. 

Dei fleste av oss assosierer vin med bobler i, eller musserande vin, med namn som Cava, Prosecco, Crémant eller Champagne. Du finn tidlegare artiklar om akkurat desse namna HER.

img_7136-682x1024.jpg

Kva er denne stilenpét nat?

Det lyder leikande og er (heldigvis) enkelt å uttale. Pét nat er naturvin i sprudleform, gjerne frå Frankrike. Loiredalen har lenge vore pådrivar, men vi ser no ei stadig større interesse frå andre stader i verda, der særskild den lett boblande eller perlande typen får mykje merksemd.

I andre musserande vinar går oftas andregongsgjæringa føre seg på flaska, noko som resulterer i at den ligg på flaska sitt botnfall. For å gjere vinen klar vil ein gjerne filtrere eller klarne vinen.

I framstillinga av ein pét nat vil ein også legge andregongsgjæringa på flaska, men i etterkant vil ein som regel verken tilsette eller trekke ifrå noko, og  pét nat vil difor ofte vere uklar i fargen. Den er altså ikkje feil eller dårleg, men snarare tvert imot særdeles naturleg og rein.

Andre skilnader mellom andre musserande vinar og pét nat er at pét nat ikkje har tilsett dosage eller liqeur d`expetition (ei blanding av sukker, vin og gjær). Denne fermenteringsmetoden utan tilsett dosage gjer at ein får lågare alkoholprosent fordi den ikkje får tilsett ekstra sukker og gjær.

Kvifor skal ein framstille vin etter denne metoden?

Det er ikkje noko klart svar her, men heller ein tanke og ein filosofi om korleis druedyrking og vinframstilling skal skje. Eg er under forståinga av at produsentane ynskjer å behandle jorda og miljøet med respekt, ved å køyre ei meir miljøvennleg linje og nytte seg av ei meir tradisjonell framstilling.

Ikkje alle tykkjer noko om naturvin då vinen kan vere uklar, vanskeleg å forstå og gjerne meir ustabil enn vanlege klassiske produkt. Vinane er rett og slett ikkje for alle, og det er ikkje feil. Dess meir vin ein drikk med eit ope sinn, dess meir nyfiken vert ein ofte. Difor vert naturvin gjerne ein av stilane som ein først søkjer mot etterkvart som ein har smakt på ein god del vin. Ikkje alle opplevingar treng å vere like gode, men dei som er bra, er som regel særs bra, og då er det så absolutt verdt eit par bomforsøk.

Kva bør eg prøve av pét nat?

Dersom du ynskjer å redusera risikoen for bomforsøk, så ta gjerne ein kik på desse:

  • Ei overraskande og kjekk oppleving var Biokult sin pét nat.
  • Ein annan god austerrikar finn du i Meinklant. Prøv gjerne deira Prosa.
  • Loiredalen byr på mykje godt, og heller ikkje innan naturvin sviktar dei. Drua chenin blanc er strålande og her er det ekte, aromatisk og uklar vin. Smak på denne godbiten frå Berriau.
  • Også frå Australia har nyfikenheita for ekte, gode saker komme til. Ikkje berre har denne flaska ein nydeleg etikett, men også innhaldet svarar til forventingane. Dom Lucci.
  • Min facinasjon for Robinot gjeld i hovudsak for stille vinar, men her fann eg også noko godt.

Bomforøk eller ei, du bør så absolutt ”ta deg bryet” og utforske pét nat. Det er godt laga, byr på ei rekke nye aroma og er leikande i munnen.

8096329423_fb27d6d518_o-1024x683.png