Vin, ReiseAnniken England

Kongens vin, Barolo.

Vin, ReiseAnniken England
Kongens vin, Barolo.

Drua nebbiolo gir vinar som kan utfordre ein kvar gane, og det er slett ikkje gitt at den fell i smak fyrste gongen. Kanskje er det likevel difor den kallast ”kongens vin”? 

Heimstaden til drua er i Piemonte, og du har sikkert drukke den under namna Barolo eller Barbaresco. Vinane vert kjenneteikna av si kvasse syrlegheit og høge tannininnhald. Lang lagring vil derimot redusere desse (for nokre) utfordringane, og gi vinen flott kropp med balansert aroma.

Sjølv har eg drukke for ung nebbiolo som hadde potensiale til å ligge i 10-15 år, og det var ein tøff affære. Samtidig gir det forståing for innhaldet og utviklinga vinen går igjennom fram til den er ”drikkeklar”.

Mest truleg kjem namnet nebbiolo frå det italienske ordet ”nebbia” som betyr tåke. Bakgrunnen for namnet er tåka som ligg over vinmarkene i oktober når druene normalt vert innhausta.

Aromaen i vinen kan minne om skogbunn, sopp, bark, fioler, raude bær. Den kan gjerne nytast åleine, men aller helst høyrer den saman med mat. Vertfall i min gane. Ettersom nebbiolo-vinar generelt er faste og med god struktur, passar dei ypparleg til kjøt med ein del fett.

Sjølv var eg heldig og fekk smake Ceretto Bricco Rocche Barolo Brunate 2006 til reinsdyrsteik. Dette var ein nydeleg oppleving, og vinen er sjølvskriven på påskemenyen saman med lammelåret.

Om du tykkjer vinar frå Barolo og Barbarescco dyre, prøv deg heller på vinar frå Gattinara og Ghemme. Her vil du finne gode og rimlegare raudvinar laga på nebbiolo-drua.

N.B. Få gjerne meir inspirasjon til kva ein kan drikke til påskelammet og ei kjekk oppskrift her.