Kol, kjøt og raudvin

Grill og raudvin om sommaren er obligatorisk. Sjølv om det ofte pøsar ned heile sommaren, MÅ eg grille.

Gass- eller kolgrill? Meiningane er mange og ofte ulike etter om ein spør menn eller kvinner. Ein kan kanskje tenkja seg at menn argumenterer for kolgrill, då klargjering av grillen er sjølve ”mannejobben”. Kanskje vil kvinner heller, på si side, argumentera for at det er enklare og raskare med gassgrill, i tillegg til at ein då kan klargjera kjøtet inne. Fint dersom den norske sommaren slår til med non stop regnver.

Likevel er det liten tvil om at kolgrill faktisk gir betre smak på kjøtet, og grillen kan ein jo også setje under tak.. Grilling på kol kan gjerne vere ei tolmodsprøve, samtidig som det inviterer til sosialisering og eit aldri så lite rituale. Det gjeld å bruke tida og ikkje la temperaturen vere for høg, men heller ikkje for låg. Pass på å ha småmat som ein kan kose seg med medan ein ventar og ha vin i glaset!

130480882_82c7bfe017_b-768x1024.jpg

Dette innlegget skal ikkje handle om du skal velje gass- eller kolgrill. Du står fritt. Bestemm sjølv.

Kva enn du endar opp med kan du tilbereie nesten alt på grillen. Alt av skaldyr, grønsaker, frukt, dessert og sjølvsagt kjøt.

Det kan vere så enkelt, men samtidig så vanskeleg om ein skal oppnå den rette fargen på kjøtet. Her kan eit steiketermomenter vera til hjelp. Ein kan gjerne fylle grillen med ei rekke ulike kjøttypar, men det betyr også at ein må finne ein anvendeleg vin som går til maten.

Som tilbehør har ein gjerne marinade og ulike typar sausar, både sursøt og spicy. Ein bør då søke etter ein robust vin som har bra med kraft, fylde og god fruktsødme.

Finn difor ein vin som har bra frukt, syre og fylde. Den treng ikkje vere for eika, men helst ha fått ei kort tid på eik. Vinar frå Argentina, Chile, Sør-Afrika og sjølvsagt Spania er ideelle. Av spanske vinar har me allereie snakka om at variasjonen er stor (link)

Sjølv om ullgensaren må på er det tid for grilling. Finn fram det kjøtet du ynskjer å grilla, lag ein enkel potetsalat og hiv litt grønsaker på grillen. Vipps – du er i mål.

____________

Om grillinga absolutt ikkje skulle slå til kan du prøve deg på entrecôte, fredagsfavoritten taco eller Boeuf Bourguignongryta som passar bra i guffent ver.