Kjærleikensdag

Viste du at det i februar blir sendt ein million fleire SMS´ar i Noreg i dag enn andre dagar?

At det er berre på morsdagen det blir kjøpt fleire blomar? Og at sjokoladeprodusentane i Japan har halvparten av si årlege omsetning denne dagen. Tradisjon tru kjøper kvinnene sjokolade til sine mannlege kollegar på Valentinsdagen.

I følgje myta vart den romerske presten dømt til døden for blant anna å vie forfølgde kristne og soldatar i skjul som ikkje fekk lov til å gifte seg. Keisaren på den tida meinte at ugifte menn var betre soldatar. Den romerske presten Valentin skal ha gitt dei forelska para pergament hjerte som eit symbol på Guds kjærleik.

Valentin vart fengsla i Roma, der han fekk eit nært forhold til fangevoktarens dotter, Julia. Den 14.februar i år 273, dagen før Valentin vart henretta skreiv han eit avskjedsbrev der han uttrykka sin kjærleik til Julia. Etter henrettelsen planta Julia eit mandeltre i nærleiken av Valentins grav. Den dag i dag står det eit rosablomstrande mandeltreet fast som eit symbol på kjærleik. Til minne etter sin Sankt Valentin.

15088179914_1dd8b36e47_k-1024x446.jpg

For å markere dagen vil eg anbefale deg å prøve sjokolademousse med ein god whisky. Mouss laga på ekte nøttekakao og chiliolje blanda med krem. Ein fantastisk kombinasjon er Talisker Distillers Edition. Lukta av karamell, fat, gummi og mineralitet rommar nasen, og fyller munnen med tydelege tonar av fat, brent tjære. Whiskyen har ein diskerét røyksmak, og mineraliteten frå Isle of Skye harmonerer med sjokoladen frå moussen.