Kassen med det rare i

Ei impulsiv reise til Park Hotel, Voss. 

 skulle fylle hjarta med ekte (vin)glede. På Voss snakkar ein ikkje om ein tilfeldig kjellar, men sjølvsagt vinkjellaren på Park Hotel. Det er verdt eit besøk.

I Bergen

 tek ein stadig nye rekodar, men gjerne ikkje av den typen ein gledar seg over. Ja, det regnar, og ja det regnar meir. Difor er det ingen grunn til å sutre, men heller finne på noko. Berre ein togtur unna Bergen på vel ein god time finn ein ekte magi. Omgitt av norsk natur gjer ein stolt, i tillegg til utvalet ein kan velje mellom av vinar på Park Hotel kan kvelden verkeleg ikkje bli betre. Den er til å ta og føle på.

"Kassen" med det rare i.
"Kassen" med det rare i.

Jan Brus Andersen

 tok over Park Hotel i 1979 og har sidan kjøpt inn vin kvar veke dei siste 30 åra. Vel 80.000 flasker er fordelt mellom fleire kjellarrom. Ein kan gjerne undre over kven som har oversikta i kjellarane, for har nokon det?! Dei har i alle fall eit vinkart som kan sjokkere og overraske dei fleste - vinkartet består av 166 sider med vel 40 vinar per side. Her kan alle i det minste finne noko dei likar.

Ein unik filosofi

 har dei der tanken er at alle skal ha råd til å kjøpe ei flaske med verkeleg god vin. Vanlegvis prisar restaurantar vinane ved å gange med to eller tre, men Park Hotel nyttar heller eit fast påslag. Resultatet er at vinar som vart kjøpt inn for lenge sidan kan vere prisa langt under marknadsprisen. Det betyr at du kan finne nokre av verdas beste og sjeldne vinar her, og attpåtil til ein svært gunstig pris. Det er vel ikkje utan grunn at kjellaren med sitt innhald har fått tildelt "Best Awards Exsellence" frå tidsskriftet Wine Spectator.

Genuin interesse 

for vin, men der ein ikkje treng å føle at ein skal kunne mykje for å oppleve Park. Eg sit att med inntrykket at dei er vand med alle slags kunnskapsnivå og dyktige på å tilpasse gjesten. Prestasjonsangst er difor ingen grunn for å ha, men heller oppleve og få inspirasjon.

"Lådan" 

vart kveldens store spenning. Vinkartet er utan tvil ei oppleving og noko du bør få med deg, men i tillegg har dei ein restkasse med namnet "lådan" der nokre flasker hamnar etter opprydding. Blant vinane kan ein finne verkeleg godbitar til ein pris på 475 kr, men som gjerne er verdt det dobbelte.

Merryvale Cabernet Sauvignon 1991

 vart kveldens fangst. Med sine heile 25 år (nett som meg). Vinen holdt fortsatt flott kropp, syre og integrert tanninar. Aroma av raude bær, lær, noko blodig og blyantspiss. Overraskande etter sin alder og ettersom vi fant den i "kassen" på Park Hotel. Dette var moro.

IMG_8090-2
IMG_8090-2