Vin, MatAnniken England

Kald eplecoulis til dessert

Vin, MatAnniken England
Kald eplecoulis til dessert

"Kald eplecoulis, salt karamellsaus og krokan"

Ein ekte godbit av dessert, fungera godt som ein kvilerett eller å avslutte eit måltid med.

- 4 personar -

Eple coulis

4 Eple

2 dl Vatn

1 stk. Vaniljestang

1 ss Sukker

1 ts Kanel

Pitte litt sitron

Skrell eplene og del dei opp i bitar. Kok opp eplene saman med vatn, vaniljestang, sukker og kanel til dei vert møre. Vatnet er nesten kokt inn. Ta ut vaniljestanga og køyr resten av innhaldet i kasserollen til puré. Smak til med litt sitron og eventuelt meir av sukker og/eller kanel. Lagrast og serverast kaldt.

Karamellsaus beurre sale

60 gram sukker

10 gram kaldt smør

1,5 dl fløyte

Mandolsalt

Smelt sukkeret i panna. Tilsett smøret og fløyten. Kok opp til karamellen er løyst opp. Lagrast kaldt. Like før servering må sausen varmast opp på panna.

Krokan

50 g smør

125 g hakka mandlar

25 g sukker

Smelt sukkeret i ei panne, tilsett så mandlane og sukkeret. Blanding saman og hell blandinga over ei smurt bakebrett, og kjøl ned. Knus bitane med ei kjøkkenmaskin eller del opp med ein god kniv for å få litt større bitar.

Du har no tre delar til desserten. Plasser eple coulisen i ei skål, ha passe mengde karamellsaus, topp med krokan og ha ei klype eller to med mandolsalt over. Vipps, du har retten klar.

Det passar også å servere retten med litt krem eller vaniljeis, spesielt om retten vert servert varm.