Anniken England

O jul med din glede

Anniken England
O jul med din glede

Kan du tru at det alt er 11.desember?

Berre 13 dagar igjen til jul, nedteljinga er i gong. Innan den tid skal eg geleide deg gjennom kva du skal drikke til jul, gi deg dei beste oppskriftene til julematen saman kome med ekstra snadder. 

Eg har samla alt opp til deg, du finner dei i linke under :)

Middag på Altona i Bergen med Torunn Ytrehus.

Middag på Altona i Bergen med Torunn Ytrehus.

IMG-5894.JPG
Hjort med pastinakkpuré og raudvinssaus.

Hjort med pastinakkpuré og raudvinssaus.

Pannesteikt kveite frå Glitne.

Pannesteikt kveite frå Glitne.

Den perfekte desserten, deler seinare i desember.

Den perfekte desserten, deler seinare i desember.

Vin til julematen !

For visste du at Vinmonopolet har gratis heimlevering til dei som ikkje har Vinmonopol i kommunen sin? Dette bør ein så absolutt nytte seg av, for den løysinga er kjempeflott!  

Til oss andre som har Vinmonopol i kommunen kan vi også bestille varene heim til oss mot ei lita avgift eller bestille det levert til polet, og vipps får vi melding om at vi kan hente det.

Genialt.  

Om du ynskjer ekspertise, bruk dei tilsette på polet, dei sit på langt meir kunnskap enn mange anar og dei får rågod oppfølging for å best mogleg kunne gi deg tipsa du treng. MEN no er du faktisk heldig som får tipsa her (for ja, eg har vore tilsett på polet før eg fekk anda over meg for faktisk å begynne sjølvstendig).  

Julematen er ein stor og viktig del av tida vi går i møte. Det er tradisjon, vanar og gode minner som vert vekka til live då ein et akkurat det same som ein gjorde året før. Når ein har dei rette oppskriftene og råvarene i hus, er prikken over i`en å ha noko godt i glaset, og sjølvsagt godt selskap, på plass.  

Så kva er vel ikkje betre enn å få tipsa, og ikkje nok med det, få dei bestilt rett heim til deg?  

Vil du ha alle juletipsa? Trykk “JA TAKK” :)