Vin, MatAnniken England

Jordskokkrem

Vin, MatAnniken England
Jordskokkrem

"Jordskokkrem med sprøstekt chorizo og brent pepar"

Rota til mykje godt er nettopp jordskokken. Jordskokken var veldig utbredt i Noreg før potetene kom, men hamna raskt i skyggen. Sjølv om potetene inneheld stivelse, kan ein stort sett nytte potetene og jordskokkene på dei same bruksområda. Personleg føretrekker eg jordskokken med sin delikate, søte og nøtteaktige smak. Prøv det gjerne i puré, som chips eller rett og slett krema jordskokkkrem som Aarskogs har laga.

Krema jordskokksuppe

  • 500 gram jordskokk
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 2-3 kvitlauk, finhakka
  • Smør til steiking
  • ½ dl kvitvin (kan sløyfast)
  • 2,5 god kyllingkraft (t.d. Jacobs)
  • 5,5 dl H-mjølk
  • 1,5 dl kremfløyte
  • ½ sitron, safta (smak til)
  • salt og pepar

Fres lauk og kvitlauk i smør til lauken er blank og mjuk, men utan at kvitlauken tek farge. Skrell ca. 500 gram jordskokk, skjær dei opp i like store bitar, og la dei surre med. Tilsett kvitvin og la det nesten koke inn, ha deretter i kraft, mjølk og fløyten. La det koke til jordskokken er møre og fine. Når jordskokken er ferdig kokt køyre du suppa jamn i ein stavmiksar elle foodprosessor. Smak til med sitronsaft, salt og pepar. Rett før servering kan du bruke miksaren på nytt for å lage eit fint skum som ser flott ut på tallerken.

Tørka chorizo

Skiver av chorizo tørka på brett i omnen på ca. 150 grader i 10 minutter.

Server gjerne noko friskt, fyldig og aromatisk vil til suppen. Eg er stor tilhengjar av drua chenin blanc som er å oppdrive fleire stader i verda. Til denne suppen ville eg ha prøvd med på Dom. des Guyons l'Ardile Saumur 2014ein fantastisk aromatisk, fyldig og konsentrert vin.