Jacques Lassaigne, Millésime 2006

Jacques Lassaigne, Millésime 2006

Kva får blodet til å pumpe raskare eller smilet til å vokse? God flaske

Champagne kanskje? Det er inga tvil om at Champagne har skapt eit namn, rykte og kvalitet. Deira framstillingsteknikk er tidkrevande og dyrare enn andre metodar. Dei rette anledningane er det vanskeleg å finne noko som smakar som Champagne. Nyleg kom eg over Jacques Lassaigne Millésime 2006, for ei oppleving.

img_6117-1024x682.jpg

Jacques Lassaigne produsera utan tvil himmelsk Champagne. Utgangspunktet til Lassaigne er ein flekk på 4,7 hektar i Montgueux. Det er i hovudsak den friske drua Chardonnay som vert nytta i produksjonen av Champagnen, men i tillegg har familien ein liten del av drua Pinot Noir. Primært er vinmarka plassert med ein søraust eksponering. Jordsmonnet består av kalkstein, og utgangspunktet for å lage god sprudlande vin er til stades.

Sonen Emmanuel Lassaigne driv familiebedrifta. Frå han byrja å jobbe i vinrankane i 1999 har han satt eit individuelt preg. Hans måte å arbeide på skapte stor skepsis blant naboane, men i ettertid har dei sett att det har gitt resultat. Lite tid viar han til det som er populært eller i ”mote” om han ikkje kan stå fult og heilt for det. Det er inga tvil om at Emmanuel står for eit perfekt resultat. Om han bestemmer seg for å gjere ei endring, brukar han gjerne 3-4 år. Med andre ord let ikkje Emmanuel produksjonen stå til tilfeldigheita. Alle dei viktigaste avgjersler tek han sjølv. Om året visar seg frå ei dårleg side let han vere å produsere. Kvalitet er essensielt.

Over åra har han skapt sin sprudlande vin, og det er inga tvil at Emmanuel gjer ein god jobb. Om han ikkje er den einaste, er han ein av få som ikkje frys ned flaskehalsen for dégorgement. Dette går fram for hand. Normalt blir dette gjort ved hjelp av maskiner. Hovudgrunnen for at han ikkje nyttar maskin er å unngå å etterfylle flaskene. Hans presisjon er noko av det sjeldne.

Smaking Ein halv time før servering spratt vi flaska. Halvtimen gav oss ei aromatisk utvikling av eit meir tilgjengeleg innhald for to forventingsfulle jenter. I løpet av ventetida blir vi som barn på julekvelden. Barn må kjenne, trykke og gjerne gjette kva innhald som er i pressangen, medan vi stadig måtte lukte på aroma. Diskusjonen går intensivt, mange spørsmål blir stilt og besvart.

Smaksnotat: Nase: Aromatisk og open. Den gir aroma av eple, jordbær, mineralar og nøtter. Smak: I munnen rommar aroma som eit sliketeppe av himmelske aroma. Alle munnvikane kjenner den klare syra og friskheita. Vinen byr på aroma av eple, nøtter og snev av eik.

Det er inga tvil om at dette er ein fantastisk Champagne. Nasen opnar seg med litt tid og byr på eit større aromatisk bilete. I munn er den frisk og lang. Vinen byr på balanse mellom syre, friskheit og aromatisk bilete. Ein god kombinasjon vil vere skalldyr, eller nyte den aleine som vi gjorde.