Ja, vi elskar….bobler!

Phuuf

Det er lyden av bobler. Kven likar vel ikkje den friske, aromatiske og livlege vinen?

Har du derimot kontroll på dei ulike stilane; Champagne, Prosecco, Cava og Crémant?

Bobler er ein av dei få vinane som kler det meste, enten å drikke åleine eller servere til mat. Det passar nesten alt, men ved å kunne litt meir vil ein finne betre kombinasjonar mellom mat og vin, og viktigast av alt, finne din favoritt til å ha i glaset.

No når temperaturen stig og sola byrjar å bli eit fast inventar på himmelen søker ein gjerne etter noko friskt, saftig og lett. Difor har eg valt å ta for meg musserande vin no i mai månad. Kvar veke framover skal eg ta for meg ein og ein stil, der du i tillegg vil lære meir om kva du kan servere til dei ulike typane og nokre gode kjøp. Her kjem ei lita smakebit på kva me skal innom.

Dei ulike stilane

Kanskje er det overveldande å halde styr på boblene, men med nokre enkle knaggar å hengde kunnskapen på kjem du lagt. 

Kort oppsummert:

  • Champagne er namnet du gjerne assosierer med musserande vin, men som ein ikkje skal bruke i feil samanhengar. Musserande vin frå Frankrike går under namnet champagne BERRE frå området Champagne, og berre det, mens musserande vin frå resten av Frankrike vert kalla crémant. Området, Champagne, ligg aust for Paris og vert kjenneteikna av sine meterhøge krittlag i jordsmonnent, noko som bidreg til den særeigne smaken. Vinen vert i hovudsak framstilt på den kvite drua chardonnay eller dei raude pinot noir og pinot meunier.
  • Crémant er som sagt musserande vin frå heile Frankrike utanom Champagne. I framstillinga kan ein nytte dei same druene som i ein champagne, men her tillet ein også andre meir lokale variantar. Crémant får ein kjøpt til ei langt rimelegare penge, men med generelt utruleg bra kvalitet likevel.
  • Cava er namnet på musserande vin frå Spania. Hovudsakleg nyttar ein druene xarel-lo, macabeo og parellada (som truleg er druer du ikkje kjenner spesielt godt til),  som alle gir gode vinar. Under vinkelnarstudiet hadde Ole Martin Alfsen ein spesiell sang til desse druene for å hugse dei, noko som slett ikkje er dumt dersom det vert for mykje pugging.
  • Prosecco er musserande vin frå Italia, og truleg den mest populære vinen i Noreg. Akkurat kvifor er vanskeleg å sei, men gjerne det skuldast enkle boblene, sødmen og frukten?

Heng med vidare i månaden for å lære meir om kvar stil. Ved inngangen til sommaren er du kanskje ein aldri så liten bobleekspert?

2978267234_ee289814a4_z.jpg