Julekort 2016

Julekort 2016

"Når nettene blir lange og kulda setter inn.

Da sender jeg ut julekort til venneflokken min"

 

Kjære nære og kjære. Årets julekort er her.

Ikkje alle er like flittig, men jula kjem snikande likevel. Difor er det inga fare at ikkje alle sju sortane er bakt, huset skrubba og andre pliktane ikkje er unnagjort.

Roen er endeleg her, det er jul. Eg senkar skuldrane etter ei travel periode, finner eg fram bøker som tolmodig har venta i bokhylla og fyller glaset med noko godt. Året 2016 har vore innhaldsrikt. Endeleg kan eg smile og reflektere over året. Sjølv om ein bachelor i økonomi på Norges Handelshøgskule er unnagjort, er det nysgjerrigheita for den edle druejuicen som har gitt dei minneverdige minnene.

Årets stor tur gjekk til California i påsken. Etter nokre dagar i San Francisco vart vinområda Napa og Sonoma besøkt. Tilfeldigheita er truleg mi beste venn (på godt og vondt), og under ein middag i Napa fekk eg det for meg at karen på nabobordet var norsk, ikkje spør kvifor. Det resulterte i full oppvarting og smaking med Tor (som han heiter) og kona på deira favoritt vingårder dagen etter.

Besøket hjå Stag`s Leap gav størst inntrykk som truleg skuldast historia blindsmakinga i Paris i 1976. Kort oppsummert var det ei blindsmaka mellom amerikansk og fransk vinar der amerikanarane imponerte stort. Stag`s Leap kan ta mykje av ære for å satt amerikansk vin på kartet. Tor og kona var eineståande, tusen takk!

Attpåtil var ein tur til Madrid og Barcelona over alle forventing. Endeleg fekk eg besøke byane som alle snakkar så varmt om. Hovudstaden Madrid imponerte meg med alle sine ulike bydelar med kvar sin sjarm. Mens Barcelona har alt ein kan tenke seg. Og attpåtil fekk vi besøke eit par produsentar og delta på deira gatefestival.

Det siste halvåret har eg haldt ei rekke vinkurs som har vore formidable. Skikkeleg kule folk har deltatt og imponert stort. Og med svært entusiastiske mat- og vinvenner har ei rekke smakingar og middag berika livet.

Sjølv om eg foretrekke fjell og fjord over alt, er eg no lokalisert i Halsum, Bærum. Det betyr at den lange Sognefjorden og høge fjella er ikkje i sikte, men heller familie av den tjukkaste ulla. Her skal eg kose meg. Attpåtil fekk eg bestilt to kassar med vin frå Vinmonopolet og plukka opp ekstra gode råvare i Bergen. Med andre ord er familie, mat og vin er i fokus.

Øl og aquavit høyrer tradisjonen vår til, men vin med god friskheit og syre til å rense opp den feite maten er heller ikkje å forakte. I år setter vi Riesling til pinnekjøtet.

Kva kombinera du julemåltidet med? Bobler? Kva enn det måtte være hald det med måte, og hugs at litt av det gode er hemmelegheita.

 

Ha ei riktig god jul.