I L   M I M O,

Svaret på rosévin?

Sjølv om veret ikkje tilseier det, er sommaren her. Og kva betyr det? Det er tid for rosévin, latter og seine kveldar. Kvifor?

Ideelt sett kunne eg sagt meg einig i at sommaren er her, men det er ikkje tilfelle, snarare tvert i mot. Den siste tida har eg føretrekt ullgensar og ein aromatisk kvitvin eller raudvin. Likevel prøver eg å halde sommarspiriten oppe. Byr sjansen seg, finn eg gjerne fram ei flaske rosévin, for meg kjenneteiknar det sommaren.

Rosévin er ei trend i Noreg. I 2015 vart det selt heile 2,19 millionar liter rosévin til trass i ein heller kjølig sommar. Det svara til ein nedgang på 0,9 prosent samanlikna med året før, noko som kan vise til den store interessa. Akkurat kva som er årsaken til interessa for rosévin har eg ikkje eit klart svar på, men ein ting er sikkert, og det er at polet og importørane følgjer med på utviklinga. Resultatet har blitt eit variert utval der ein kan finne mykje godt, men kvaliteten er varierande.

Il Mimo, er rosévinen som vert utseld på vinmonopolet før du veit ordet av det. Galskapen har alltid fasinert meg. Eg vil gjerne forstå iveren etter rosévinen, Il Mimo, men (vin)mote er ikkje alltid like enkel å forstå seg på. Difor var eg innom Vinmonopolet i Valkendorfsgate i Bergen. Der trilla kundane avgarde med to til fire kassar kvar.

2015 årgangen av rosévinen, Il Mimo, har både modne druer og fruktigheit - dette reflektere vinen. Ein ting er sikkert, rosévinen treff mange med den saftige frukta. Aromane er tiltalande raude bær og floralske tonar. Friskheita og syra gir ein flott balanse. Sanninga er at vinen er god og eg forstår interessa til ei viss grad. Sjølv meiner eg at det er andre gode alternativ å velje mellom.

Prøv for eksempel den Østerrike Langmann Schilcher Tradition 2015. Den er tørr, frisk og har eit aromatisk preg av raude bær og sitrus. Eit anna godt alternativ er den Franske Pompette frå Provence, les gjerne om vinen her, eller rosévinen Domaine Ott som eg oppdaga i Provence i 2014.