Hjerterå

Korleis vel du ei flaske vin? Baserer du det på tidelegare handel, altså noko du kjenner til?

Er det etiketten som er avgjerande? Eller er du av den nyfikne typen som alltid vel noko nytt og spanande? Hjartet på denne flaska tiltrekkjer meg. Raudvinen er Italiensk, laga på drua primitivo og er frå Puglia.

Puglia er plassert søraust i Italia, og er sjølve hælen på landet som er forma som ein damesko. Halve olivenproduksjonen i Italia skjer faktisk i den tørre delen i Puglia, så om du ikkje har høyrt om området i samband med vin før, har du kanskje sett namnet på eit olivenglas.

Det varme klimaet og det fruktbare jordsmonnet gir gode forhold for å plante det aller meste. Området er derimot ikkje kjent for å produsere vin av høg kvalitet, då sol døgnet rundt ikkje er gunstig for vinproduksjon. Takka vera kjølege vindar frå Middelhavet får likevel vinmarkene overlevbare forhold, og den kjølege brisen bidreg til å dyrke sunne og friske druer.

Drua primitivo gir kraftige vinar med fyldig friskheit. Vinen ber preg av dei mange soltimane og ein finn difor tørka frukt, gjerne mot fiken, mørke bær i retninga blåbær og bakt bjørnebær.

Både drua zinfandel (som ein finn i USA) og primitivo (som vi finn i Italia) kjem originalt frå Kroatia. Drua kom over havet til Puglia, og vart seinare frakta over Atlanterhavet på 1800-1900-talet til California, der primitivo mest sannsynleg har blitt omdøypt til zinfandel.

Kva angår mat som passar til drua kan ein gjerne lene seg mot kombinasjonar med grønsaker, tomat, pepar eller oliven. Ein kjøtbit i er heller ikkje feil.

Sjå på vinen i glaset og den raude djupe fargen. Snu på glaset og lukt. Kan du kjenne aroma av mørke bær, den tørka frukta og litt vanilje? Tida er inne for å smake. Korleis kjennes den i munnen? Kan du kjenne at den er blaut, og med eit streif av raude bær og urt?

Eg har smakt Etike Ti Amo Primitivo Puglia 2015 (varenr. 3559701) til 150 kr. Den er saftig, enkel og tilfredstiller dei som ynskjer ein spanande etikett.

Kva enn din framgangsmåte måtte vere i valet av kveldens vin, vil eg anbefale deg å finne noko nytt, heile tida.