Hermetiserte plommer

Norgesglasa står på rekke og rad. Nokre med plommer, andre med pærer.

Ho mor er alltid førebudd. Det skal ikkje stå på vertinna. Om sommaren opnar ho heimen for familie, venner og kjente,- eg kallar det berre sommarhotellet i Sogn. Det gjeld å alltid ha nokre godsaker på lur. Dama har fleire, men i dag er det hennar hermetiserte plommer eg skal ta for meg.

Hermetiserte plommer og krem er ein tradisjonell dessert. Klassisk, stilrein og enkel. Hovudformålet er å kunne gjere seg nytte seg av frukta i hagen utover hausten og vinteren.

Hermetisering er ein gamal kunst, der ein ynskjer å forlenga haldbarheita til matvarene,- altså konservera dei. Ein varmar difor opp maten for å ta livet av sopp og bakteriar, før ein så legg maten i ein tett behaldar der mikroorganismar ikkje kjem til. For frukt, bær, sopp og ei rekkje grønsaker er hermetisering den optimale metoden for å kunne nytte seg av matvarene i lang tid framover.

Den gamle kunsten går aldri ut på dato:

Ingrediensar

  • 1 l vatn
  • 700 g sukker
  • 1 stk. vaniljestang
  • Plommer
  • 0,5 dl nypressa sitronsaft
  • Norgesglas
  • Kremfløyte

Framgangsmåten er enkel.

Vask Norgesglasa godt.

Kok opp to panner med sukkerlake. Legg plommene i den eine panna med kokande sukkerlake, og la dei trekke til dei er møre, men ikkje kokte sunde. Du står fritt til å ha både skinnet og steinen i,- vi pleier ikkje gjera noko med det då plommene er så småe.

Legg så plommene tett i tett i reingjorde hermetikkglas,- det er heilt essensielt at det er glas med tett lokk. Fyll opp med plommer til glaset er nesten fullt og hell kokande sukkerlake til glaset er fylt, men pass på at laken ikkje renn over kanten.

Tørk av kanten på glaset og skru godt igjen.

Fordi frukta har oppnådd høg nok temperatur, og glaset er tett og fylt til randen slik at all luft er fortrengt, så vil innhaldet halda seg godt og lenge.

Det er heilt optimalt å nytte seg av Norgesglas, då desse vert heilt tette ved hjelp av gummiringen med glasloket over. Gitt at Norgesglasa held seg tette, og står mørkt og kaldt, har du hermetiserte plommene i glaset over fleire år.

Eg piskar gjerne kremfløyte med litt sukker i til krem og har eit par plommer og litt lake i ei skål.

Til å ha i glaset hadde eg Calem Colheita 2000. DET var godt det.

Om du er gira på litt vin med alder er Colheita absolutt eit godt alternativ då den er i strålande form, med god frukt, trøkk og lengde i munnen. Dette er ein knall portvin, med heile 16 år på baken. Det er jo litt moro.

Vinen er saftig og elegant med aroma av plommer, god konsentrasjon og fin syre. Desserten og vinen passar som hand i hanske.

I tillegg passar den ypparleg til ost, gjerne blåmugg.

Les også om Stilton-ost, peparkake og portvin. 

Då sommaren er eit stykke unna, og sommarhotellet i Sogn ikkje er i full drift, er det herleg å kunne nyta hermetiserte plommer midt på vinteren og drøyma seg tilbake.