HALLOVIN

Halloween er like rundt hjørnet, og du har kanskje via ein tank til utkledning.

Sjølv tykkjer eg det er stor glede i å finne fram det ein har i skuffer og skap for å sette prikken over i´en. Innlegget skal ikkje viast til den perfekte heksekunst eller utkleding, for kva skal nå det enn vere? I år skal eg prøve meg på graskarsuppe i kombinasjon med vin. Ført meg i retninga av eit særdeles spennandes val. Vi snakkar i kreative baner.

15485648901_7b83c81770_k-1024x677.jpg

Halloween har blitt ein merkedag i kalendaren vår, og mest truleg er den her for å bli. Dagen går gjerne under namnet allehelgensaften. Oppstanden er frå den katolsk kyrkja for å minnefeste helgenar og martyrar. Etter den engelske tradisjonen vert dagen feira kvelden på den 31.oktober. Noreg har ikkje den same tradisjonen for å markere den religiøse begivenheita. På den andre sida har nordmenn interesse i å kle seg kreativt i kombinasjon med ein god fest.

Dedikasjonen amerikanarane via til Halloween er vanskeleg å slå. Under eit utvekslingsopphald i byen Circleville i USA tok dagen nye høgder, og det var moro. Nokre veker tidlegare fekk eg i tillegg oppleve ”Pumkin Show”. Kort kan festivalen summerast som ein gratis hending der underhaldning og graskar spelar ei sentral rolle. Høgdepunktet for festivalen var kåringa av det største graskaret. Ein storleik på 890 kg gjekk vinnaren av med sigeren i år. Det er inga hemmelegheit at graskar har fenga meg sidan den tid.

Til tross for oppmerksamheita, er det ikkje alle som feirar Halloween. Det er inga skam. Sjølv ser eg stor glede i å utforske vinkombinasjonen til graskaret. Så kva drikk ein til graskarsuppe? I min verden vil eg kategorisere graskar som svært spennande og rimeleg. Kvifor ikkje prøve seg på noko nytt? Det er alltid ei sann glede å fylle opp glaset med noko godt!

3777474669_122a6a83dd_b.jpg

Valet av vin byr på ei utfordring. Graskar har utsjånaden som den deilege melonen cantaloupe, men med ein djupare oransjefarge. Det aromatiske spekteret byr på lite smak. Det fyrste som slo meg var at dette var ein ukjent smak. Positivt overraska gjekk assosiasjonen i retning av bønnene i sukkerert, spesielt! Hovudingrediensen består av graskar, men aromatisk er det andre ingrediensar som vil sette smak. Ein normal storleik på eit graskar vil vere omtrent 2-2 ½ kg, som vil mette 8-9 personar. Om det visar seg for å vere i det meste laget kan kjøtet brukast til så mykje anna. Kva med graskarpai, koke kjøtet til puré? Alternativa er mange.

Ved å oppnå den mest optimale kombinasjonen vil det vere nyttig å tenkje godt igjennom nokre punkt. Hovudinnhaldet i suppen vil vere grønsaker. Valet blir utan tvil ein kvitvin. Vidare vil eg sjå nærmare på dei andre komponentane. Fløyte og cèam fraîche vil tilføye ein rikare smak og fylde. I tillegg vil krydder som muskatnøtt, salt og pepar vere vesentleg. Kriteria for vinen vil vere friskheit, fruk, litt syre og gjerne ein nyans av eik. Vi står ovanfor mange alternativ. Dei kriteria matchar med vin laga på drua Viognier frå Nord-Rhône. Om ein kvitvin herifrå er ny vil eg anbefale deg å gi det ein sjanse. Den enkle og festlige graskarsuppen blir kombinert med ein kvit Rhône frå Condrieu av Andre Perret 2011.

Smaksnotat av Andre Perret, Condrieu 2011 Med flaska i handa veit eg at ei ny glede står for tur. Ei sann aromatisk oppleving, og det er ingenting som kan samanliknast med vinar frå Condrieu. Drua Viognier er den einaste drua som vert tillate i Condrieu. Appellasjonen er liten og ligg sør for Côte Rôtie. Vinar frå Condrieu vil ha karakteristiske trekk som tropisk og moden frukt, og kvite blomar. I tillegg vil ein få fedme og litt syre som aukar konsentrasjonen.

Ei kort analyse:

  • Utsjånad: Gyllen, gul i fargen.
  • Nase: Aromatisk og open. Byr på aroma av tropisk frukt som ananas, havrekjeks og hint av salt stein.
  • Munn: Rik, kompleks og konsentrert. Munnskjennsla er fantastisk. Tropisk frukt kjem klart fram i munnen. Ananas, fersken, nøtter og i tillegg vil ein få eit snev av svart stein i enden.

Etter at vinen er opna og glaset er fylt, kan eg ta fatt på suppen. Kokelering på kjøkenet kan gjerne ta fleire timar om ein står ovanfor noko interessant, og har eit godt glas vin. Framgangsmåten til suppen er enkel og lite tidkrevjande. Eg nytta oppskrifta som står skrive under.

Graskarsuppe:4-5 personar 1 kg graskar 1 ½ stk. purrelauk Litt vatn 3 dl fløyte 3-5 ss Crèam fraîche 2 stk. Kyllingbuljong Smakast til med muskatnøtt salt og pepar

Til stor glede, passar kombinasjonen utmerket. Lykkeleg kan eg nyte ein krema graskarsuppe som dominera av muskat. Grunnen til at smaksbiletet er på plass ligg i friskheita, ei passe syre og det aromabiletet som utfyller kvarandre. Sanninga er at suppen vart løfta eit par hakk med vinen ved si side. Måltidet og vinen kan eg så absolutt anbefale! Eit rimlegare val av vin vil ikkje vere eit problem. Kriteria som du skal bite deg merke ved kombinasjon vil vere frukt, friskheit, og har gjerne eit snev av fedme og syre.

Fest i hus og heim blir det med ein enkel og smaksrik suppe, akkompagnert med ein fantastisk vin!

God Halloween!

4060585779_bceac17ab5_o-1024x1024.jpg