Vin, MatAnniken England

Grilla kamskjel

Vin, MatAnniken England
Grilla kamskjel

"Grilla kamskjel, blomkålpuré og soyasmør"

Kamskjel, den fullkomne kvite muskelen, toler ikkje for mykje steiking eller koking. Med rett tilbereding vil dette faste og møre skaldyret gi deg ein spanande og god rett.

Denne oppskrifta til Aarskogs har den flotte balansen mellom søtt, salt og grilla, noko som gjer den ypparleg å kombinere til ein Riesling, gjerne med litt sødme. Ein halvtørr Riesling vil vera heilt optimalt.

Prøv gjerne Pfaff Riesling Tradition 2014 som er rimeleg, aromatisk og god til.

- 10 personar -

Soyasmør

  • 1 sjalottløk, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, finhakka
  • 1 liten bunt persille, finhakka
  • 2 ss revet ingefær
  • 4 ss soyasaus
  • 200 g smør

Brun smøret i ein kjele til det er lys brunt, pass på at du ikkje brenn det. Tilsett soyasaus, hakka kvitløk, hakka sjalottløk og riven ingefær. Rett før servering tilset du hakka persille til smørblandinga.

Blomkålpurè

Kok blomkålen mør i mjølk.

Sil av. Køyr til purè, og smak til med smør, trøffelolje og salt/cayennepepper. Spe litt med mjølk ved behov.

23000593834_90a2dd6e42_z.jpg