Godt Nytt År

Godt Nytt År

Endeleg er tida inne for å ynskje 2017 velkommen, eg er klar.

Finn fram penn og papir slik at lista med nyttårsforsetta kan ta form. Frå personleg erfaring byrjar året generelt bra, men etter eit par månadar er dei gode gamle vanane tilbake. Kjenner du deg att?

Tidelegare har mi liste innehaldt for ambisiøse ambisjonar og strenge krav mot eit ”betre” liv i det kommande året. Nokre verdt helde, andre ikkje. Tanken om 2017 har fått ei anna perspektiv, i år handlar nyttårsforsetta om meir reising, drikke betre vin og ete meir ærleg mat. Planlegginga er alt i gong og denne gongen kriblar det i heile kroppen berre med tanken.

Langbordet vert i dag dekt til store og små. Kalkunen er snart ferdig og sausen får siste handtrykk. No er det berre å krysse fingrane for at kalkunen ikkje blir tørr og sausen brent, risikoen er jo alltid der.

Mitt glas boblar ekstra i dag. Musserande vin er som den omgjengelege venn, den passa til alt. I tillegg er dette dagen for å la blodet bruse heile kvelden og la munnen nyte smaken av frukt som eple og sitrus og gjerne brød og kjeks om vinen er lagra på gjærrestane.

Tradisjon tro har Champagne Jacquesson vore min faste bordkavaler. Akkurat kvifor kan eg ikkje svare godt på, men det er rett og slett ikkje feil. Mange kjende champagnehus kan skuffe med overprodusert og kjedeleg vin, men på grunn av namnet held dei salet oppe. Sjølv om Jacquesson opererar som eit tradisjonelt champagnehus, kan ein ikkje samanlikne dei med dei store champagnehusa. Deira filosofi er annleis. Dei lagar små mengder handlaga blandingschampagne og nokre reine jordsmonnchampagne. Framfor å produsere ein blanding som skal vere lik år etter år har Jacquesson bestemt at deira ”standardchampagne” skal reflektere årgangen som hovudandelen av vinen kjem frå. Bordkavaleren min sviktar ikkje i år heller.

Ein må ikkje drikke Champagne for å feire nyåret, du kan fortsatt vere storkar likevel. For min del handlar det ikkje om mengda, men kosen og innhaldet. Champagne er generelt eksepsjonelt med flott konsentrasjon, syre og aromaprofil. Generelt er den frisk med aroma av sitrus og eple. Modning på gjærrestane tilføyer aroma av brød, kjeks, nøtter, sopp eller gjærbast. Dei fleste er tørre, men ein finner også søte versjonar om det er av interesse. Og på ein dag som denne treng eg ikkje fleire argument for å drikke champagne.

2017, du er hjarteleg velkommen!