Gira på nettkurs om vin?

Dei fleste rundt meg stille spørsmål og undrar seg over kva eg eigentleg skal bruke tida mi på no framover.

Sidan i fjor sommar har det skjedd mykje, utan tvil til det betre, noko som har gitt meg tid til å tenke, fundere og stille spørsmål til kva eg eigentleg ynskjer å bruke tida mi på. Det tok ikkje lang tid før eg bestemte meg for å ta ein pause eller sei meg ferdig med studietida på Norges Handelshøgskule etter å ha fullført bacheloren i økonomi og administrasjon.

Eg ville nemleg at min lidenskap for mat og vin skulle få ta ein større del av livet. Ei rekke familiemedlemmer og venner var sjokkerte då eg informerte om planen.

For å vekke nysgjerrigheita til dei som stilte spørsmål, samt provosere litt, argumenterte eg for at eg skulle bli fulltidsbloggar. Temaet var klart,- vin, sjølvsagt.

Til alle dykk der ute som bloggar; jammen tek det tid og er meir krevjande enn kva eg fyrst tenkte! Ikkje nok med det, men kvifor skal nokon lese akkurat det eg skriv? Og korleis skal ein opparbeide seg ei gruppe som likar akkurat det eg formidlar?

Mange sukka fortvilande, og sa; ”kan du ikkje berre jobbe meir i banken då, Anniken?”

Eg har utan tvil dei kjekkaste kollegane i banken som eg har blitt glad i medan eg har jobba der under studiet. Likevel er det noko i meg, ei nysgjerrigheit og ein enorm iver etter å finne ut om min idé er liv laga.

Difor har eg laga eit nettkurs som eg har valt å kalle, ”Det DU treng å vite om VIN”.

Kurset tek for seg den viktigaste grunnleggjande kunnskapen du treng om vin, på nett. Du kan vere lokalisert kor som helst i Noreg eller i verda, og følgje kurset. Over fire veker skal eg ta for meg dei viktigaste temaa kring vin. Desse vert gitt til deg kvar onsdag.

I tillegg har eg lagt ved ei mengd bonusmateriale du vil finne nytten av, og ikkje minst fokusere på kva for mat som passar til ulike vintypar.

Eg vil så gjerne dele min kunnskap, lidenskap og iver etter å lære med deg. I tillegg veit eg kor irriterande det er å bu langt inne i ein fjord, dog omgitt av vakre fjell, men med dårlege reisemoglegheiter om vêret slår seg vrangt.

Poenget mitt er: eg har løysinga til deg som vil lære meir frå sofakroken, uansett kor du bur.

Eg er for tida busett i Bergen, og har stort sett dei fleste tilboda rett utanfor døra, men eg har blitt stor tilhengjar av nettbaserte kurs. Dei er enkle, innhaldsrike og perfekte til å sysle med på kveldane framfor å alltid sjå på fjernsynet.

Difor har eg skrudd saman eit grunnleggjande nettkurs om vin til deg. Med eit par år i tankeboksen sit eg igjen med det optimale kurset til deg som er nysgjerrig på vin. Du vil få god informasjon formidla på ein enkel, kreativ og underhaldande måte. Mesteparten er videoar der eg snakkar, men eg vil også legge ved tilleggsmateriale med oppskrifter og nyttig informasjon.

Kurset går over fire veker og start onsdag 15.mars. Det er proppfullt av godt materiale, du kan glede deg.

Framover kjem det ei mengde informasjon, videoar og ei eiga side der du kan bli betre kjent med meg og kurset. Om du fortsatt har spørsmål, send meg gjerne ein mail til anniken@druefin.no

Håpar å finna namnet ditt på deltakarlista, påmeldinga startar om ei veke, fredag 3.mars.