Gåver som ein hugsar!

Gåver som ein hugsar!

”Eg ynskjer meg ikkje noko…. berre snille barn.” For min del vart det difor ytterst få gåver til han far, han sa det sjølv, han hadde jo alt. 

SÅ, kva gir ein til dei som har alt? 

Den mest irriterande å skulle finne gåver til er den som kjøper det han/ho ikkje har umiddelbart når behovet melder seg. Desto vanskelegare er det då å finne noko ein faktisk ynskjer å gi, som ikkje berre er ein tilfeldig ting, men som er noko personleg og gjennomtenkt som du veit vil glede vedkommande.

Media har bidrege med å sette ytterlegare forventingar til oss med alle dei ulike anledningane ein skal gi gåve. Og skal ein tru all reklamen som fyller postkassen så er det ikkje lenger nok å berre gi eit kort, eller er det det? 

Ei merksemd er noko vi alle set pris på, og det er som regel ikkje prislappen som avgjer kor godt gåva fell i smak. Kanskje med unnatak av rett type vinflaske, vel å merke, då kan ein gjerne heve prislappen til rett anledning. Som regel er det heller ein kode ein skal knekke, enn ein pris ein må nå, for at gåva vert ein suksess. Det betyr at ein kan lage mykje fint og gi noko kjekt i gåve, men ein må kanskje bruke litt ekstra tid.  

alcohol-glass-grass-drinking-1024x683.jpg

Til han

Bryggeria har slått til dei siste åra og vi har ei rekke bryggeri å velje mellom. Mange har funne sine favorittar, medan andre er svoltne på meir. 

Ei ideell gåve vil vere å gi ein serie frå eit bryggeri, forskjellige ølflasker eller slå på stortromma med å gi forskjellige ølflasker til ein meny (enten ein fullveldig meny som du lagar eller som du anbefaler å lage).

Til ho

Ei korg eller ein boks i spreke fargar kan du gjere mykje med. Fyll den til dømes med råvarer til eit måltid og ei flaske vin som passar til. På lappen skriv du framgangsgmåten og nokre fine ord. Det er få ting som slår betre an, spesielt om ein kan dele korgas innhald med andre som står ein nær. 

Til ein venn 

Sjokolade eller generelt dessert er noko som fell i smak hjå dei fleste. Om du attpå til finn ei flaske med dessertvin som passar til oppnår du nyfikenheit og noko som ein vil hugse. Kor ofte smakar ein faktisk dessertvin om ein ikkje er spesielt interessert? 

* * *

Personleg er det flottaste eg får er opplevingar, enten om det gjeld ei reise, ei overrasking eller ei hending ilag (gjerne då i form av eit måltid med noko godt i glaset). Til samanlikning er det få materialistiske ting som faktisk har sett spor. Er du einig eller ueinig der?

Om du er interessert i ytterlegare tips til gåver kjem eg snart med bryllaupsgåva eg likar å gi. Kanskje det kan redde deg neste gong du får invitasjonen i posten?

pexels-photo-296878-1024x733.jpeg