Fyrverkeri på flaske

2015 er nær! Store deler av verda delar ei felles glede ved å markere dagen.

Anledninga kan feirast på fleire måtar, og i ulike kulturar. Rykte tilseier at stranda i Rio de Janeiro er den beste plassen å vere. Det tvilar eg ikkje eit sekund på, men for min del handlar det meir om kven eg er med!

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

I eit tidlegare innlegg tok for seg nyttårsmiddagen, og ulike godsaker ein kan ha i glaset. Om ein i tillegg har godt selskap rundt seg, er ein ikkje i mål då? Krona på verket er fyrverkeriet som går av stabelen ved midnatt. Det er duka for ein fantastisk kveld!

Medan ein ventar på fyrverkeri og stormande jubel er det ingenting som er betre enn kombinasjonen av noko godt i glaset og godt selskap. Kva skal du kose deg med? Noko sabla bra vil eg tru!

Ved feiring av det nye året er det inga bestemt tradisjon eller skikk for kva ein skal kose seg med. Vi står ovanfor mange val og variasjonar. Champagne eller musserande vin har truleg funne seg til rette som tradisjon ettersom det er elegant, klassisk og byr på ein deileg mousse som er svært aromatisk. For å ha det ekstra gøyalt kan ein i tillegg sable vinen for stemninga si skyld…

6072739496_ce7d0ee675_o-1024x768.jpg

Mine artige anbefalingar:

  • Ch. Grand Housteauc Crémant de Bordeaux Brut – Bordeaux er turleg mest kjend for sine eksepsjonelle raudvin og dei magiske dessertvinane. Nyleg kom eg over ein crémant laga på Sémillon 70% og Muscadelle 30%. Overraskande varcrémanten seg for å ha middels fylde og god friskheit. Rein, fruktig med aroma av grøne eple, pære, hint av kjeks og sitrus. Innhaldet var overraskande bra!
  • Strohmeier Rosé Sekt – Musserande vin frå Østerrike som er laga på 100% Blauer Wildbacher. Flott lys rosa farge med god fylde og svært god friskheit. I munnen byr vinen på aroma av raudebær mot bringbær, kryddertonar og noko mineralsk. Godt kjøp, og fantastisk vin.
  • Jacquesson ”Champs Caïn” Avize Brut 2004 - Svært godt! Pære og eple på nasen, med deilig aroma av eple og ei nyanse mot mandlar i munnen. Deilig mousse. Konsentrert, stilfull og lang. Magisk!
  • Anne et Jean Francois Ganevat Cremant du Jura Nature Non Dosé - Laga på Chardonnay, byr på masse aroma av eple og toast. Lang, fin og meget aromatisk. Unik!
  • C. Heidsieck Brut Millesime 2000 – Om du er ein av dei heldige som sit på denne herligheita frå sleppet i sommar, vil nyttår vere ei svært god anledning for å opne den. Ei herleg flaske Champagne laga på 60% Pinot Noir og 40% Chardonnay. Svært aromatisk med aroma av mandlar, honning og smør. Rett og slett ei magisk oppleving!
  • Pol Roger Vintage 1990 – Atter ei flaske frå sleppet i juni, og som byr på ei unik oppleving. Produsenten er anerkjent, og held til i byen Épernay i distriktet Champagne-Ardenne. I tillegg var dette Winston Churchills favorittchampagne. I 1984 vart faktisk Pol Roger P.R. Reserve Speciale erstatta av Cuvée Sir Winston Churchill. Fargen er gul med hint av brun farge, og kan minnast om sherry. Både nase og munnen byr på aroma av tørka frukt dominert av dadlar, rosiner samt krydder og mineralitet. Ein digg oppleving!

God nytt år!

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens