Folkets favoritt: Taco

Taco er Noregs nasjonalrett, i allefall ut ifrå kor ofte vi et det.

Kva bakgrunnen for entusiasmen og kjærlegheita er uvisst. Mange vil gjerne påpeike at det er enkelt, smakar godt og passar dei fleste ettersom ein kan tilpassa tilbehøyret.

Hjå mange har tacoen blitt eit symbol på fredagen ilag med gullrekka. På få straksar har ein delt opp ønska grønsaker, steikt kjøtdeig med tacokrydderet og sett lefsene i omnen, og vipps er måltidet som heile familien likar klart.

Taco er blitt einsbetydande med det vi assosierer med meksikanskmat. Sannheita er at det norske svaret på taco har lite til felles med den meksikanske, då den norske tacoen er eit svar på eit industrielt produkt til store matvarekjeder. Resultatet er eit produkt som er enkelt å tilbereda, tilpassa den norske ganen og er billig.

Sjølv fekk eg smake masse meksikansk mat, spesielt taco, då eg budde nokre månadar i México. Med god tilgang til ferske råvarer, nybakte lefser og utan ferdigprodusert tacokrydder, seier det vel seg sjølv at smaken er annleis. Det er vel ikkje overraskande at ferdiglaga tacokrydder og mais på boks ikkje er å oppdrive i México.

Stolte som nordmenn flest serverte vi vår norske versjon av taco til ein meksikansk vennegjeng. Alle grein på nasen, dette var ikkje taco.

Vi kan likevel vere nøgde med fredagstacoen som har vunne hjarta til majoriteten av Noreg. Taco fell i smak hjå dei fleste, variasjonane er mange og det er veldig enkelt.

6029101721_9743cbe639_z.jpg

Difor har eg lyst å dele min versjon av taco – den er enkel, digg og akkurat passe spanande.

Ingrediensar: 

  • Storfekjøt
  • Paprika
  • Avokado
  • Lime
  • Koriander
  • Tomater
  • Raudlauk
  • Olivenolje
  • Kvitlauksfedd
  • Lefse

Del paprikaane i to, fjern innmaten og frøa. Legg dei i ein eldfast form med skalsida opp, ha godt med olje over, samt heile kvitlauksfedd og steik det heile på 250 grader til paprikaen er mørk og nesten brent.

Ta det ut, legg aluminiumsfolie over og kjøl ned. Flå deretter skinnet av paprikaen.

Eg føretrekk å dele paprikaen i strimler, vend saman med olivenolje, finhakk frisk bladpersille, og smak til med salt og pepar.

Del tomatane i to og finhakk raudlauk. Ha gjerne litt olivenolje over, og smak til med salt og pepar.

Kjøtet steikar du etter ønske, eg føretrekker ei raud kjerne. La det kvile og del så opp i ønska storleik.

Varm lefsa og fyll den med kjøt, paprika, avokado, koriander, lime og gjerne tomatar.

Til å ha i glaset ynskjer eg ein saftig og syrerik raudvin. For min del er det essensielt at vinen står til maten, men også at den er ein sikker vinnar til å nyte etterpå.

Denne gongen hamna eg på Lequin-Colin Santenay Vieilles Vigne 2014, ein saftig vin med tre, blomst og eit hint av raude bær. Fersk, delikat, med god syre og lett struktur. Til det reine kjøtet, friske tomater og bakte paprika går dette ypperleg ilag.

Ynskjer du heller ein vin til den tradisjonelle tacoen er det viktig å tenke over kva for smakar retten består av. Ei tacolefse består faktisk av sødme, krydder og vegetale smakar i eitt. Difor finn ein ikkje fram gobitane frå vinkjellaren til tacoen.

Måltidet treng enten ein touch av sødme eller ein fruktig vin utan særleg tanninar.

Om du ynskjer kvitvin vil det fungere så lenge den inneheld litt sødme og syre. Sødmen i vinen hjelper måltidet med å dempe krydderet/chilien og samstundes gå saman med nokre av dei søtlege ingrediensane som tomat. Medan syre i vinen bidreg med å reinske opp i det feite smaksbildet.

Innan raudvin bør du gå for ein ung og saftig vin med masse fruktigheit. Tanninar og utvikla aroma er ikkje spesielt harmonerande med verken tacokrydderet eller salsaen.

Ein variant av Beaujolais eller naturvin er svært vellukka å kombinera med taco. Naturvinen Robinot Le Regard 2014 var strålande; svært kompleks, fruktig og kjempebra struktur. Aromatisk nase med masse god frukt, mineralske- og jordlege aromaar.

Om taco er din favoritt, kan du fortsatt vere kreativ og nytte deg av dei utallege mange gode variantar.

Sjølv skal eg teste ut ein ny variant av tacoen på fredag. Eg gler meg alt!