Mat, VinAnniken England

Foie gras terrine

Mat, VinAnniken England
Foie gras terrine

Foie gras, som er gåse- eller andelever, er ein klassikar i Frankrike.

Dette har vorte ei delikatesse verda rundt, og er også fullt mogleg å få tak i i Norge, då den blir importert frå både Frankrike og Ungarn. Andelever marinert og lagt i form er tidkrevjande å lage på eiga hand, men sjølv i Noreg er det mogleg å finne fleire gode ferdige utgåver på glas.

Dette vert då plutseleg ein svært eksklusiv rett å by gjestene, utan at du treng å gjera anna enn å steike toast og dandere!

Av dei ferdige utgåvane er levra enten klar for steiking eller laga i terrin. Etter ein vintur til Frankrike kjøpte eg med meg foie gras frå Saumur i Loiredalen. Denne er laga på sistnemnde måte, altså i terrin. Då den allereie er i ei fin krukke, set eg den berre rett på bordet med ei teskje i.

Foie gras serverer ein tradisjonelt saman med noko søtt, gjerne marmelade. Appelsin- eller aprikosmarmelade er ypparleg, men også fikenkompott er nydeleg saman med levra.

Fransk langbrød steiker du til ein god toast til å ha saman med levra og det søte. Del brødet opp på langs, og ha det i omnen på grillelement på 200 grader i vel 10 minuttar.

Denne retten eignar seg best som ein kald forrett. Anten set du alt rett på bordet, eller så danderer du det på kvar sin tallerken. Anders si anbefaling er å legge foie gras og marmelade på toasten, og dandere med ruccolasalat og oppkutta fiken..

Vinanbefalingar kan gå i fleire retningar, og kjem an på kva du føretrekk og kor våggal du ynskjer å vere. Med klar tale frå Anders, som har jobba ein periode i Normandie i Frankrike, serverte eg retten saman med Champagne.

Champagne er slett ikkje eit dumt alternativ. Ettersom lever er kraftig med mykje feitt søkjer ein gjerne etter noko som kan balansere med det feite i levra, gi friskheit og passe saman med marmeladen. Finn difor Champagne eller musserande vin som har god syre, fin rundheit og aroma av frukt og gjerne toast.

Vi slår difor på stortromma til denne fyrste retten. Vi smakte nemleg Champagnen Rodez Ambonnay Blanc de Noirs Brut. Den er stivt prisa, men innhaldet er det ingenting å seie på. Om du har ei spesiell anledning og ynskjer noko ekstra godt og spennande er absolutt dette eit godt alternativ.

Det er eit hav av andre gode alternativ som ein kan servere til foie grasen. Crémant de Savoie. Denne franske vinen gir ein krema og rein stil med aroma av sitrus, eple og nøtter.

Detter er forretten som du tryllar fram på ein, to, tre, og ikkje nok med det, du kan drikke noko av det beste vi har å by på til, nemleg bobler.