Fest eller fjellet?

Til dagen handlar det om å planlegge morgondagen for at den skal gå mest mogleg smertefritt og at alle gjeremåla kan hakast av.

Eg er av typen som overvurderer kva ein får gjort på ein dag og gjerne undervurderer kva ein får gjort på eit år. Dagen før legg eg fram antrekket, gjerne ei nystroken skjorte og nypussa sko, helst med helar. Om veska ikkje inneheld macen, vatn, ein liten matbit, lommeboka, almanakken, proppar, lepestift og kindlen vert eg oppgitt over mi eiga organiseringsevne.  

Sjeldan oppstår det kriser i livet mitt, men eg sukkar dersom ting er ikkje er på plass, slik eg ynskjer at dei skal vere.  

I-landsproblem? YES!  

Forhåpentlegvis kan du kjenne deg igjen. Eg tvilar sterkt på at eg er aleine her.  

Poenget er at vi treng å bryte vanar og ta ein pause frå kvardagen iblant. Vi treng å forlate det komfortable og leve litt enklare.  

Mi løysing er enkel,- kom deg ut i naturen. Ein treng ikkje gå all-in med telt, sovepose og eit kjipt liggeunderlag, men det å leve litt enklare gir ein som regel mykje glede.  

Alle har si løysing, dette er mi.  

I Sogn har dilemmaet ofte vore; fest eller fjellet?  

Ikkje misforstå, fest er moro, spesielt på bygda. Her kan ein til og med danse sving heile natta lang og drikke ekstra utan at nokon reagerer på det, men også dette har sin haldbarheitsdato. Om ein har som føremål å drikke, sosialisere og ha det kjekt, er det som regel det same som skjer, gong på gong, og det er sjeldan at festen festar seg så altfor godt i hukommelsen 

Ein tur til fjells er aldri lik. Utallege toppar, stiar og turar. Det er urørt og rikt. Her er ein ingen herre over naturen, men signala naturen gir bør ein høyre etter.  

Veret set sjølvsagt humøret i ulikt modus, men går ein mot ei hytte der ein kan fyre opp peisen, høyre på knitringa av veden og opne ei flaske vin, så skal det vanvittig mykje dårleg ver til før det ikkje er verdt turen!  

På matfronten kan ein gjerne fiske fjellaure eller pakke med seg ei rekke godbitar frå butikken, som ein tilberedar på stormkjøkkenet eller over bålet. Sjølv dei flottaste rettane kan gjenskapast her.   

Eg smiler ved tanken, for desse turane hugsar eg alle av. Festane, derimot… 

Sigrid Henjum er dama som har påverka og inspirert meg mest på dette området. På Sognefjord Hotell tilbrakte vi begge MANGE timar frå eg var 12 år. Medan eg heldt oppvasken under kontroll, levde og anda eg for opplevingane Sigrid kom med. Ho er ein levande eventyrar, sjølv i dag!  

I byrjinga var ho mest oppteken av å bestige høge toppar, før ho byrja med lengre og meir ekstreme turar, både i vatn og på ski. Å padla rundt Sør-Georgia utan forsyning? Jo, det ”berre måtte” denne dama gjere.  

Det betyr at ho er rimeleg rutta på matlaging i naturen, og då gjerne mat som må vare ei stund og gi mykje energi.  

For å dekke kostnadane ved alle desse turane har sjølvsagt Sigrid også servert små high end-grupper som vil ha det beste av det beste som betalar godt for dette. Det har gitt ho smaken på gode råvarer, flotte vinar og kjekke mat- og vinkombinasjonar.  

Boka hennar ”Et ute” gir deg ein smakebit av ho og hennar syn på ordentleg turmat.  

Eg er ikkje på langt nær så ekstrem som Sigrid, men at natur, vin og mat er ein optimal kominasjon er noko eg verkeleg er einig i. Difor kjem den fyrste videoen min frå naturen med ein spanande rett med anbefalt vin til.  

Dette blir råbra!  

Kom gjerne med ei tilbakemelding om kva du synast og om du har forslag til rettar, vinar eller generelt ein kommentar.  

På søndagen kjem den fyrste videoen, og fleire blir det!