Et lokalt, alltid.

Et lokalt, alltid.

På ein båttur mellom Laos og Thailand åt eg mitt livs beste måltid.

Du tenkjer gjerne at dette var på ein stilfull båt der bordet var dekka med kvit duk og stearinlys, atmosfæren var idyllisk og vinlista gjennomtenkt?

Deler av meg hadde nok satt veldig pris på ei oppleving som den ovannemnde skildringa, men innimellom kjem den enkle sogningen i meg fram, og måltidet på den svært enkle båten var der og då heilt perfekt.

Vi skulle tilbake til Thailand via elva som skil Thailand og Laos frå kvarandre. Vatnet var brunt og skittent, og rundt oss kunne ein finne narkobaronar som produserte både det eine og det andre. Å bevege seg i feil terreng kunne få store konsekvensar. Brutalt.

Trebåten vi reiste med var driven av ein familie. Det var ein open båt på sju meter, med eit provisorisk plasttak. Familien snakka ikkje eit ord engelsk og var i ein konstant mindfullness-tilstand (som resten av befolkninga i Laos).

Her har vi kanskje noko å lære, men nok om det.

Vennene eg reiste saman med var slitne etter gårdagens festlegheiter, så dei brukte tida på å sove. Eg var fascinert over mannskapet (altså familien på sju), og kanskje var det fordi dei merka at eg kikte litt meir enn vanleg at dei vinka meg bort.. På eit falma fargerikt pledd stod ein bolle med sticky-rice og ein av deira tradisjonelle rettar.

Vi utveksla få ord under det måltidet. Det var stille. Alle smakte, og eg nikka forsiktig for å utrykke glede over å få ta del i deira måltid.

Tanken på måltidet set framleis spyttproduksjonen i gang. Sjølv om dette måltidet var verken stilfullt eller elegant, var det likevel noko av det beste eg nokon gong har smakt.

8293595219_6b8b28dd9c_z.jpg

Kva er poenget?

Vi er stadig lystne på noko spesielt. Enten det er pommes frites dagen derpå,  smoothie etter ei treningsøkt eller ein saftig biff på ein laurdagskveld.

Men, det er ikkje gitt at desse rettane er tilgjengelege. Spesielt når ein på reise.

I det store utland er det viktig å ete det lokalbefolkninga er god på. På ei vekes fjelltur i fjellheimen i Nepal bestilte ei venninne av meg pizza. Om ho såg føre seg Grandiosa eller ein italiensk variant veit eg ikkje, men eg kan kort oppsummere med at det var ingen av delene som vart servert. Deira løksuppe var derimot prima.

Kan vi klandre nepalske folk for at deira pizza bestod hovudsakleg av deig og brent tilbehøyr? Nei, det er ikkje deira greie. Løksupper derimot... Så var spyttproduksjonen i gang igjen…

Sjølv på eit gatehjørne vil ein kunne ete ekstremt gode, unike rettar med fersk mat som vert tilbereidd medan du ser på. Ein kan vere uheldig å bli sjuk, yes I know, men sanninga er at nylaga mat som vert tilbereidd under høg varme er noko av det sikraste OG beste ein kan få.

Ikkje nok med det,- ein får ete saman med dei lokale. Her kan ein også plukke opp nokre tips for kva dei drikk til, kva krydder dei bruker osv.

14427862537_9e12e090a9_z.jpg

Ei veke åleine i Madrid

Madrid er ein vakker by med mykje historie og mange bydelar, så her er det moglegheiter for å finne sitt heilt spesielle område som fascinerer ein.

Sjølv gjekk eg time etter time og lot meg fascinere av både by og folk. Eg prata med forbipasserande, besøkte galleri og museum og når eg vart svolten stoppa eg på fyrste og beste plass. I glaset bestilte eg sjølvsagt det som dei anbefalte.

Spanjolar, eller europearar generelt, er flinkare å sette seg ned, ete og puste enn det mange av oss nordmenn er. Denne veremåten set også sit preg på maten deira. Du kan lese meir om turen Reisebrev: Ein pause i Madrid

12850044104_74f02db31b_z.jpg

Cava og tapas 

I Spania finn vi musserande vin som går under namnet Cava, som du kan lese meir om i eit innlegg eg nyleg har skrive her. Om du ikkje allereie har registrert det, er Cava langt rimelegare enn Champagne. Samanlikna med Prosecco er Cava nærmare Champagne på smak, men det er likevel store skilnader.

Ein finn både tørre og halvtørre Cava. Du kan nytte Cava som aperitiff, men du skal også vere klar over at Cava er optimalt til det meste av fisk og skalldyr. Hald deg gjerne til tørre Cava fordi desse vil ha fin frukt, struktur og syre.

Neste gong du er på reise, kor enn du måtte reise, et det lokalbefolkninga anbefaler og drikk gjerne det dei drikk til. Det er ikkje gitt at du likar det, men eg kan garantere deg at det vil vere langt betre enn dei andre rettane dei prøver å etterlikne andre på.

På neste tur til Spania skal eg ete små, delikate tapasrettar heile dagen lang, og kose med med eit glas med Cava til.

6799817712_652a82d202_z.jpg