Eksepsjonelt

Misforstå meg rett, dei fleste vinbøndene på messene i Loire produserer svært god druejuice, men på messa i Anjou er det fyrst og fremst tal og salstidspunkt som vert diskutert.

Lokalet er på storleik med to innandørs fotballanlegg over to etasjar. Lista er lang med både gamle og kjende produsentar vi skal seie hei til, og andre nye vi skal undersøke og forhåpentlegvis nokre vi skal oppdage.

Ein av produsentane som er lagt inn i planen, og som for meg høyrer til i den siste kategorien, er produsenten Eric Morgat. På førehand har eg lest artiklar og omtalar om han, og forventningane er difor høge. Eg ser også veldig fram til å smake vin laga på drua chenin blanc på eit høgare nivåenn kva eg vanlegvis smakar.

I alle artiklane vert Morgat skildra som ein kjekk, ung vinmann. Men, kva har vel det med vinen å gjere?

Med eit venleg andlet og eit flott smil, fortel Morgat engasjert om vinane og korleis skilnadane i vinmarka (Savennières og Anjou) dannar det gode resultatet. Medan Eric fortel og held ei lita smaking med oss, ynskjer han andre nye menneske velkommen.

Det er ingen tvil om at Morgat er oppmerksam og svært bevisst på å snakke med alle som kjem bortom han.

Saman med familien driv Morgat Château duBreuil i Layon. Sidan 1990 har han representert vin frå Savennières.

I ein alder av 25 år kjøpte han to hektar av allereie eksisterande vinmark (Domaine de la Monnaie), og i 1995 produserte han sin fyrste vin. På den tida var det berre seks produsentar i heile appellasjonen, men med auka interesse har vinmarksarealet nærmast tredobla seg.

Med 11,1 hektar totalt i to forskjellige appellasjonar (AOC) produserer Morgat i dag kvitvinen sin: AOCSavennières(8,6 hektar) og AOC Anjou (2,5 hektar) i Layon-området. Begge vinmarkene produserer vin laga på 100% chenin blanc.

I likheit med andre produsentar i Layon, produserer også Morgat vinar som er tørre, aromatiske, komplekse og med ein rikare stil.

Vi fekk smake vinane hans, Litus og Fidèsfrå årgangen 2014 og 2015.

FullSizeRender-16.jpg

Eric MorgatLitus Anjou 2014 viser tydeleg fedme, masse mineralitet og flott avslutning med honning og smør i vinen frå 2014, mens 2015 gir mykje av dei same aroma, men her er gul, frisk frukt meir framtredande.

Eric MorgatFidèsSavennières 2014 med aroma av mineralitet, voks, eple og eit hint av honning. Årgangen etter, 2015, viser tydeleg meir aroma av mineralitet, eple og avsluttar med smør og nøtter.

Cuvée Fidès får berre druene sine frå l'Enclos. L'enclos er ein del av vinmarka hans i Savennières og som ligger i same område av Roches aux Moines.

Fleire har fått opp augo opp for drua chenin blanc, enten den er laga i Loiredalen eller i Sør-Afrika. Generelt er desse vinane aromatiske, med eit godt innhald og til ein svært gunstig pris.

Sjølv vart eg hekta etter å ha blitt introdusert til ein dessertvin frå Savennières under vinkelnarstudiet for fem år sidan. Det har resultert i at eg har smakt utallege vinar derifrå, både søte og tørre, dei siste åra.

Om du ynskjer å smake vin laga på drua chenin blanc på eit høgare nivå er vinane til Eric Morgat eksepsjonelt bra. Med andre ord ein kjekk, ung vinmann som verkeleg kan kunsten å produsera god vin.