Ein sprudlande start på veka

Med ein kort visitt innom standen til Celine Tripoz, vart eg inspirert av den flotte dama og ikkje minst to av hennar musserande vinar.

Vi ville berre seie hei og smake litt, før vi skulle ta fatt på resten av messa. Men, Tripoz syner seg å ikkje vere så lett å berre la ligge.

Celine og mannen Laurent Tripoz har begge bakgrunn innan vin, og med lidenskap for god vinproduksjon står dei i dag som sentrale aktørar i regionen. Paret Tripoz er lokaliserte like utanfor Loché, som er ein liten landsby i Bourgogne. Ettersom Maconnaise, som ligger sør i Bourgogne, ikkje er velsigna med godt terroir (jordsmonn), må dei arbeide hardare for å oppnå eit godt resultat.

Opprinneleg selde paret druene sine til det lokale kooperativet, før dei i 1990 produserte sin fyrste vin. Interessa deira for organisk og biodynamisk produksjon resulterte i at dei tideleg konvertete produksjonen sin.

Vinane deira atterspegla difor eit solid, aromatisk og komplekst resultat.

Etter å ha lest over smaksnotatane til crémant til Celine Tripoz, måtte eg jo berre opne ei flaske med hennar vinar. Alle har sin måte å ta fatt på ei ny veke,- eg starta den med bobler.

Vinane til Tripoz er å finne på polet, riktig nok ikkje sistnemde, som var min absolutte favoritt, men fortvil ikkje; Brut Nature står i hyllene. Ein musserande vin som gir masse aroma på nasen og i munnen, og best av alt; det er mykje vin for pengane.

 

Tripoz Crémant de Bourgogne Brut Nature 2014 er laga på 100% chardonnay. Vinen er frisk på nasen med aroma av sitrus, eple og innslag av brioche. I munnen er den kompleks og med god syre.

Tripoz Crémant de Bourgogne Nature Prestige 2014 er også laga på 100% chardonnay med null dosering og har 27 månader på botnfallet. Vinane er i avgrensa antal og byr på meir aroma på nasen og smak i munnen. Her får ein tydeleg preg av nøtter, eple, smør og innslag av raude bær. Ein fryd å smake på.