Ein invitasjon til Stag’s Leap

Ein invitasjon til Stag’s Leap

Ein av dei verkeleg flotte eigenskapane til amerikanarar er at du kan sette deg ned i ein bar og starte ein samtale med ein tilfeldig.

Innhaldet er kanskje ikkje alltid like nyttig, men dei har alltid ein meining om alt. Når eg var i USA sist var presidentvalet yttarst aktuelt, samtidig som landsdekkande basketballcup gjekk av stabelen. Den korte turen i baren vart difor ikkje alltid like kort.

Før vi visste ordet av det, var det middagstid. Nøgde gjekk vi vidare frå baren. Napa er ikkje ein stor by, men dei har fått nokre kjekke restaurantar som er verdt eit besøk.

Det er ikkje uvanleg at eg snakkar før eg tenker, og akkurat det skjedde her. Midt i ein samtale fekk eg føre meg at karen bak meg var norsk. Eg formidla mi mistanke rundt bordet eg sat på, men før eg visste ordet av det hadde eg klappa karen på skuldra og stilt spørsmålet.

”Er du norsk?” vil ein gjerne ikkje få påpeika, spesielt om ein har budd mesteparten av livet i USA. Om det var aksenten som avslørte han, eller om det berre var ein idé eg fekk, er uvisst, men likevel skulle dette resultere i eit av høgdepunkta med turen.

Samtalen gjekk fort over i vin og dei mange produsentane i området. Karen var lommekjend, og hadde attpåtil ei stor lidenskap for vin.

Dagen etter tikka det inn ein mail med ei rekke anbefalingar. Eit par minuttar etterpå vart vi inviterte med på smaking med han og kona. Det var laurdag og då dei begge jobba lange dagar ellers i veka, passa dei på å nytte helgane godt, gjerne utanfor San Francisco og i huset i Napa.

I California kunne ein stort sett sjå Club Members hjå dei fleste vinhusa, særskild hjå dei store. Club Members betyr at ein betaler ei avgift for å kunne få sitte i ein eigen avdeling hjå produsenten, få x-antal flasker med vin og bli invitert til ei rekke arrangement. Desse medlemskapa er ikkje spesielt billige, men eg skal innrømme at eg har sansen for konseptet då ein kan bruke ein time eller to på smaking og sosialisering, og reise frå produsent til produsent.

Saman med paret hadde vi besøkt ei rekke ulike produsentar som var kjende i USA, før dei skulle avslutte hjå Stag’s Leap Wine Cellars.

WOW!

No er det viktig å halde tunga rett i munnen og ikkje forveksle Stag’s Leap med Stags Leap eller Stags’ Leap. Ser du skilnaden? Plutseleg fekk apostrofane ekstra stor tyding.

Som tidlegare nemnt var det ei blindsmaking i Paris den 24.mai 1976 som betydde enormt mykje for vinar frå California.

Ei blindsmaking har som føremål å vurdere ein vin objektivt ved bruk av sanseapparatet. Ein skal gjere seg opp ei meining om drue, produsent, land, pris og anna ein kan hente ut frå vinen.

Arrangøren av blindsmakinga i Paris var Steven Spurrier, ein engelsk vinhandlar og eigaren av ein vinskule i Paris. Vinskulen gjekk under namnet L’Academie du Vin. Ettersom mange av studentane på skulen var amerikanarar som ønskte å lære meir om fransk vin, er det sjølvforklarande at dei også tok med seg amerikansk vin tilbake til Frankrike.

Spurrier var fascinert over den lange haldbarheita til vinane frå USA, som var laga på druene chardonnay og cabernet sauvignon, og ynskte difor å samanlikna dei amerikanske vinane med dei franske.  Det heile resulterte i ei blindsmaking som skulle sette amerikansk vin på kartet.

Franskmennene stilte med topp-produsentar frå Bourgogne og Bordeaux.

Det mest uventa skjedde. Vinen Stag’s Leap Wine Cellars’ 1973 S.L.V Cabernet Sauvignon gjekk av med sigeren, og slo med det vinar som Chateau Mouton-Rotschild og Chateau Haut-Brion, altså topp-vinar frå Bordeaux som er blant dei 5 Premier Cru vinane. .

Kanskje det mest utrulege med heile historia er at 1973-årgangen til Stag’s Leap var også den fyrste. Det har seg slik at i 1970 starta Warren Winiarski produksjonen av vin etter at han kjøpte 180 mål tomt. Tre år seinare stod Warren med sin fyrste vin, og det er akkurat den som vart vinnaren under blindsmakinga i Paris.

Eg treng kanskje ikkje seie meir for å overtyde deg om at dette er noko du må smake?

 

Vi var heldige som fekk smake på følgjande vinar: 

  • 2014 Arcadia Vineyard Chardonnay
  • 2012 Fay Cabernet Sauvignon
  • 2012 S.L.V. Cabernet Sauvignon
  • 2012 Cask 23 Cabernet Sauvignon