Eiktyrne - ein ny norsk whisky

Kjenner du til whiskyprodusentane Macallen, Highland Park og The Famous Grouse?

Det du truleg ikkje visste var at nordmannen Stig Bareksten i mange år jobba og sanka kunnskap hjå desse destilleria, og no har han lansert sin andre norske whisky, Eiktyrne. Ein whisky Norge verkeleg kan være stolte av.

Hausten 2015 er Ektyrne å finne på Vinmonopolet, men enn så lenge må ein bite tennene saman og smøre seg med tolmodigheit. Under den Internasjonale Whisky og Øl Festivalen i Bergen hadde Eiktyrne Noregspremierie. The Tasting Room opna showet, og kunne med dét, stolt tilby ein smak av dei fyrste dråpane, som er tappa kun til lanseringen. Den erfarne Stig Bareksten jobbar som destillatør.

I over 25 år har han jobba med brennevin og opparbeida seg enorm kunnskap som tydeleg gir resultat i Eiktyrne. Stig er ein sann purist! Han har blant anna vore ansvarleg for importen av dei leiande skotske whiskymerka til Noreg, og no kan han stolt lansere sin eigen whisky. Og det beste av alt, det er ein norsk whisky!

Eiktyrne (nor. Eikþyrnir) er i den norrøne mytologien ein hjort som saman med geita Heidrun gjekk på taket av Valhall og åt av greinene til treet Lærad.

”Av hornene hans dryppet det dråper ned i brønnen Kvergjelme i Nivlheim. Derfra renner en rekke elver ut i verden. Disse ramses opp i Grimnismål. Sid og Vid er navnet på to av elvene.” Grimnismål, eit visdomsdikt frå Odins munn i norrøn mytelogi i Den eldre Edda.

Eiktyrne vart fyrst lagra på store sherry-butt på 500 liter i vel tre år, for så å bli flytta over på mindre 40 liters amerikansk eik i 8-12 månader. Sjølve modninga går raskare på eit mindre fat på grunn av kontakten med treet. Opphaldet i fatet gir den mørke gylne fargen, samt den aromatiske nasen. Bareksten seier det heile har vore ei sann reise, og lot både hår og skjegg gro i det whiskyproduksjonen var i gong. På den måte kunne han fysisk sjå at tida gjekk.

Smaksnotat:

  • Farge er mørk gyllen, utan å vere tilsatt kunstig farge eller smaksforsterkande.
  • Nase gjenspeiglar Oloroso sherryfata. Aroma er mange og dominera av vanilje, knekk karamell, malt tørka frukt.
  • Smak er av tørka frukta som får ein fylde av smørbukk, frukt, malt og eik. Det er ingenting som kan tyde på den korte lagringa, men resultatet er eksepsjonelt.

Med ein over middels interessert for smak, har eg smakt ein del whisky. Det var derfor ei stor glede å bli introdusert til den andre norske whiskyen. Om ein gir whiskyen ein sjanse vil ein bli introdusert til ei stor spennvidde av aroma, og mange stilar. Stadig på leit etter ein nye smakar er det viktig å alltid søke etter noko nytt. Arbeidet Det Norske Brenneri har gjort er fenomenalt. Resultatet av Eiktyrne er strålande og det er sjølv etter så kort tid med lagring. Det er truleg ein av dei få produkta som eg har smakt som gir ei så tydeleg aromafinesse mellom nase og munn. Aroma harmonera og er flott integrert med kvarandre. Ein kan ikkje understreke nok at Stig har eit følsamt sanseapparat der tolmodigheit og ei kontrollert framstillingsmetode har skapt den unike Eiktyren. Alt blir gjenspegla i Eiktyren noko som har gitt lovord frå dei mange tungverktarane i Skotland.

Dette er fatet frå den fyrste tappinga av Eiktyrne.
Dette er fatet frå den fyrste tappinga av Eiktyrne.

Det Norske Brenneri driv småskalaproduksjon og arbeider etter gamle norske handverkstradisjonar. For å oppnå eit sluttresultat som skal vere så bra som mogleg lagrast all whisky i små batcher. Deira stills tek 400 liter om gongen. Brenneriet har fått det til, og dei har funnet sin stil. Søket etter den optimale smaken og bruken av dei beste råvara i deira handlaga produkt gir ei unik finesse.

Noregs fyrste whisky kom på marknaden i 2012 frå Det Norske Brenneri. Deira single malt whisky med namnet Audny vart godt motteke. Den fyrste er utsolgt, men til deg som ikkje fekk tak i ein av dei historiske flaskene, fortvil ikkje. Audny relanseres med nytt design. Alle flaskene er nummerert.

Namnet Audny er av norrønt og betyr håp. Ein kan gjerne filosofere over namnet, men som ein stor entusiast over alkoholens fortryllande magi var det all grunn til å ha håp for ei ny kultur i Noreg. Audny er en single malt med aroma som er både søt og noko aggressiv. Avslutninga er elgant, byr på aroma av vanilje, lakris eple, tropisk frukt, malt og kokosnøtt.

Det Norske Brenneri er mest kjend for sine handverksprodukter, akevittane ”Hellstrøm” og ”Arvesølvet”. I tillegg skal dei lansere ein ny norsk gin som dei baserar på norske urter og bær.

Gi rom og ønsk dei velkommen, Det Norske Brenneri kan berike Noreg med mykje godt. I fyrste omgang er det etterfølgjaren til Audny, Eiktyrne vi skal applaudere, for detter eksepsjonelt!