Du store Burgund

Du store Burgund

Kan ein finne dårlige kjøp? Dessverre ja. Området er vanskeleg å følgje med på, men om ein kjem over noko bra, er det som regel svært bra!

Vinområdet Burgund held til sør for Chablis og ligger aust i Frankrike. Her finner ein eit mangfald av vinprodusenta som produsera unike vinar, men området er truleg det vanskeligaste å følgje med på. Det er fleire årsaker; eit av desse er stor variasjon i klima, vinmarksarbeidet, handarbeidet med meir.

Heilt kort omfattar Burgund vel 29 000 hektar vinmarkar, der det er den nordlegaste delen av Burgund som har gjort området berømt. Det går under namnet ”Den gylne skråninga” eller Côte d`Or og som utgjer berre ¼ av vinmarksarealet. Saint-Romain held altså til sør i Côte de Beaune.

Chardonnay er drua som har eit nøytralt utgangspunkt, men faktorane rundt påverkar korleis drua uttrykker seg. Som tidelegare nemnt utrykker drua eit mineralsk preg frå Chablis, i Burgund får drua eit opphald på eikefat noko som tilføyer smør, nøtter og ”kropp”.

Den kvite burgundaren skuffar ikkje, snarare tvert imot. Vinen Domaine de Bellene Saint-Romain Vieilles Vignes 2014 har ei fin balanse mellom fruktigheit, innslag av mineralitet og eik. Aroma fyller munnen og lengda er god. Her får ein fin balanse med god syre og god lengde. I mine auger er kvitvinen strålande både på nasen, smak og lengda. Prisen er 270,00 kr, men etter innhaldet å bedømme, er vinen verdt kvar krone.

Nicolas Potel er mannen bak vinen. I byen Beaune har han to vingårdar; Domaine de Bellene og Maison Roche de Bellene. Vingården Domaine de Bellene er hans eigen vingård med eiga vinmark, der denne vinen er frå, Domaine de Bellene Saint-Romain Vieilles Vignes 2014, mens den sistnemnde lagar vin frå innkjøpte druer.