Drua albariño

Kva for drue er optimal til sommarmaten? Vi held fram i det spanske sporet når vi skal svare på spørsmålet.

Eg vart fyrst introdusert til den aromatiske drua albariño i Stavanger (blant mange andre spanande druer), men akkurat albariño vart og er framleis ein klar favoritt.

I hovudsak er det Rías Baixas som verkeleg får drua til å skinne. Ein kombinasjon av varme dagar, kjølege netter, rikt jordsmonn og vindar frå Atlanterhavet  gir ei aromatisk nase og ein munn med ei rekke grøne og gule frukter med eit salt innslag.

15434491252_b03d5b18ef_z.jpg

Vinen laga på drua kan vere frå lett og fruktig, til ein heller fyldigare stil om den har fått eit opphald på eik.

Kva mat passar den til?

Personleg har eg oppnådd dei beste kombinasjonane mellom albariño og mat med sjømat. Bakgrunnen for den optimale klaffen er det salte innslaget.

På lik linje som i eit forhold får ein ofte stråle betre om ein kan finne dei same interessene/lidenskapen hjå begge partar. Her gjeld det same, og då for salte tonar som ein gjerne kan finne i både vinen og maten.

Prøv gjerne østers, krabbe, reker, ceviche, sushi og gjerne legg det gjerne på grillen.

På onsdag kjem det oppskrift på kvitvinsdampa blåskjel med ein av mine favorittvinar til.

14483940605_8437ef0f38_z.jpg