Drikk ein vin til salat?

Ja, heldigvis kan ein det! Å kombinere mat og vin er i utgangspunktet ikkje komplisert, men til tider kan det vere litt vrient.

Salat går klart inn under denne litt meir vrine kategorien. I hovudsak består ein salat av ei rekke rå grønsaker som er bitre av natur, og i tillegg kan ein ha ulike andre komponentar som kjøt, fisk, bønner og dressing til som gjer at retten drikkemessig byr på litt hovudbry.

Generelt passar det betre med kvit- eller rosévin enn raudvin. Spesielt dersom kvitvinane og rosévinane er friske og aromatiske, gjerne med litt grøne tonar i, og gjerne utan innslag av eikepreg eller garvestoff.

Vin laga på drua sauvignon blanc er ypparleg til salat, mykje fordi den er frisk, men også fordi ein finn grøne aroma i vinen, som ein hentar fram igjen frå retten. Vinområda Sancerre eller naboen Pouilly Fumé er særskild å anbefala.

Om salaten har krydder eller sterke element vil vin laga på drua riesling vere optimalt. Riesling har den unike eigenskapen å ha god syre, god frukt og ulikt preg av sødme. Kva komponentar du har i salaten avgjer kor mykje sødme du treng.

Personleg er eg stor tilhengjar av salat, men et det sjeldan i frykt for å ikkje bli mett eller eventuelt fort bli svolten igjen. Dette er sjølvsagt fullt mogleg å gjere noko med.

Nedanfor kan du ha gleda av å prøve oppskrifta til Åse Kongsvik. Åse er ein svært dyktig kokk og har skrive fleire bøker, som til dømes Fjordamat og Ta kaka. Til dagen gjer ho andre ting, men interessa for mat har resultert i at ho lagar blant anna mat for besøkande på Henjatunet på Leikanger.  Besøk gjerne bloggen hennas for meir spanande oppskrifter, Gardskjøkkenet.

I dag er eg så heldig å kunne dele ei smakfull salatoppskrift av Åse. Salaten er enkel og smaksrik, men best av alt, ypparleg med gode norske råvarer i.

IMG_0284-1024x768.jpg

Ingrediensar: 

  • Vårsalat
  • Ruccola
  • Ramsløk frå Nøring
  • Norsk asparges
  • Spekeskinke frå Tynset
  • Geitost frå Tysnes
  • Havsalt
  • Olivenolje

Slik gjer du

Vurder salatmengd etter kor mange de er. Frå eigne erfaringar veit eg at dette vil variere mykje blant folk.

Finn gjerne tre variantar av grønt. Bruk til dømes vårsalat og feltsalat som er ganske nøytrale i smaken og ha litt ruccola i.

I Bergen kom eg over ramsløk frå Nøring som ligg på glas med solsikkeolje. Det er sterkt på smak og minnar gjerne om kvitlauk. Kanskje er du av den heldige typen som har det i hagen, og i så fall kan du godt lage det sjølv.

Du kan i tillegg finne norsk asparges på butikken i desse tider. Prisen er gjerne noko høgare enn kva prisen er på asparges frå Sør-Europa, men smaken er langt betre.

Grill eller steik aspargesen i olivenolje til den får litt farge. Server den gjerne lun med riven kvit geitost frå Tysnes og riven spekeskinke frå Tynset over.

Ha ei klype eller to med havsalt over.

FullSizeRender-5-1-1024x746.jpg

Så kva drikk ein til denne salaten?

Ettersom den inneheld mange sterke smakar byr det på ei utfordring, men eg smakte ulike kvit- og rosévinar og klarte å gjere meg opp ei meining. Det kom tydeleg fram at salaten passa ypparleg til tørre rosé- og kvitvinar med god syre og som er aromatiske.

Spania har mange gode alternativ innan denne kategorien. Ikkje ver for opphengt i akkurat kva for vin du vel, men heller ver oppmerksam på aroma og finn noko nytt og spanande.

La deg forføre av norske smakar på tallerkenen og eit godt glas med aromatisk kvitvin.