Likar du Chablis?

Likar du Chablis?

Det gjer eg og resten av landet. Faktisk er vi det landet i verda som drikkes mest Chablis målt i antall liter per capita. Men kvifor?

Til informasjon er Chablis lokalisert aust i Frankrike, litt sør for Paris. Området skil seg ut med sitt jordsmonn beståande av kimmeridgekalk som vart skapt for vel 180 millionar år sidan. Jordsmonnet inneheld fossile skalldyr og det er nettopp denne type jordsmonn som bidreg til å gi vinen aroma av mineralitet som kan minne om flint og kalk.

Drua Chardonnay er opprinneleg nøytral, men set smak av faktorane rundt seg. Faktorar som jordsmonn, framstillingsteknikk og lagring er essensielt her. Kombinasjonen mellom druetype og området gir vinar frå Chablis den unike smaken. Chardonnay drua tek smaken av sitt jordsmonn som variera stort i området, i tillegg trivst drua i relativt kjølig klima som gir flott syrlegheit.

Denne vinne av Domaine Pattes Loup er mineralsk på nasen med friske, grøne eple, hint av røyk og smør. Fin, klar syre. Lang – frisk opning av eple og flint i midtgangen, før den avsluttar med ein rund finesse med hint av smør.

Til mat kan ein finne fleire gode kombinasjonar. Generelt vil eg råde deg til å ikkje kombinere den tørre, flotte og friske Chablisen til sterk mat, elles kan ein finne utallege gode kombinasjonar. Personleg føretrekker eg kombinasjonen til kvitvinsdampa blåskjel til ein krema fiskesuppe eller generelt til ein fiskerett. Bakgrunnen til at eg føretrekker å kombinere med fisk og skalldyr, er vinens aroma av mineralitet. Kombinasjonen gir harmoni og utfyller kvarandre.

Produsenten Thomas Pico begynte med 2,5 hentar for vel ti år sidan i nærleiken av Courgis. Det ligger på kanten av Chablis Appellation, med gjerne med meir skog og landskap enn kva som er vanleg i resten av dette vinområdet. Thomas bestemte seg for å dyrke økologisk i motsetning til sin far. Han byrja som ein deltidstilsett hjå sin far før han steg for steg starta sin eigen vingård. Då gjekk han frå å eige seks hektar i 2006, 8 hektar i 2012, mens han i dag har 15 hektar totalt. Ved å drive sjølvstendig frå sin far, har det gitt han moglegheita til å drive organisk.

Byen Courgis er ein liten landsby aust for Auxerre og seks kilometer sør for Chablis. Ein anna kjent vinprodusent, Alice & Olivier De Moor, held også til her. Eg vil gjere det oppmerksam på at dette er ein anna svært dyktig produsent du kan sjå nærmare på.