Domaine Leflaive Mâcon-Verzé 2011

Med hint av sol i den elles ruskete hausten smakar det ekstra godt med ein krema fiskesuppe i kombinasjon med ein kvit Burgund.

Tilfeldigvis kom eg over Bent Stiansen si oppskrifta på ei enkel fiskesuppe. Sakte kom lengselen etter sommar og havets godar. Fiskesuppen er unik på det sett og vis at det ikkje ligg nokre grenser for kva ein kan og ikkje kan ha i.

Den kan vere krema, klar, sterk, innehalde mykje fisk, skalldyr eller rett og slett ha sylteagurk i. Sylteagurk er noko eg brukar lite i matlaging, men som utan tvil kan vere artig.

9618370669_14e84e8dfd_k-1024x683.jpg

Ta en titt på videoen av Bent Stianen på God Morgen Norge her.

Så kva skal ein drikke til Bent Stiansen si suppe? I forbindelse med ein tur til London, vart det kjøpt ei flaske Domaine Leflaive Mâcon-Verzé 2011. Anna-Claude Leflaive blir gjerne referert til som dronninga av Puligny-Montrachet, men som i tillegg byr på vinar frå Mâconnais. Med stor nysgjerrigheit nytta eg anledninga til å utforske kombinasjonen. Vi står ovanfor ein klassisk kombinasjon. Den krema fiskesuppen blir laga på ein base av krafta frå blåskjella. Det gir ei rik smak av mineralitet og ei søt-sur tone frå sylteagurk. Frå eit teoretisk perspektiv vil vinen vere enklare enn vinane hennas frå Côte d`Or, men likevel klar og aromatisk. Mâconnais er dominert av kalkstein i jordsmonnet og har eit hakk varmare klima enn i Côte d`Or. Som for resten av Burgund trivst den kvite drua Chardonnay i Mâconnais, der heile 90 % er produsert av Chardonnay. Ein vil derfor finne aroma av blomar, mineralitet, nøtter, smør med meir.

Anne-Claude Leflaive driv Domaine Leflaive hovudsak i Puligny-Montrachet i Côte de Beaune i Burgund. Historia deira går langt tilbake i tid, men eit viktig haldepunkt er då hennas bestefaren kjøpte vinområde etter Phylloxera i 1905. Ei iherdig jobbing, og nyplanting måtte til før vinproduksjonen tok fart. I løpet av tre generasjonar har dei skapt vinar som kan refererast til med magi. Det har resultert i eit marknad som ikkje kan få nok av vinen hennas. Eigendommen består av både Premiers Crus og Grand Crus i Puligny-Montrachet. Totalt har dei 24 hektar, der 2,5 hektar består av kvit Bourgogne, 4,5 hektar av Villages, 11,5 hektar Premiers Crus og 5 hektar Grand Crus.

I hovudsak vil ein forbinde dei beste vinane frå Burgund med Côte d`Or, men ein skal likevel ikkje undervurdere resten av Burgund. Noko sør for Côte d`Or er Mâconnais. Attraktive produsentar som Dominique Lafon og Anna-Claude Leflaive har funne interessa i området. I Mâconnais produsera Anna-Claude enklare og klare vinar. Det er inga grunn til å ikkje finne godbitar frå dette områder, og det er ikkje siste gangen eg kjøper vin frå Mâconnais av Domaine Leflaive. Dette var godt!

5050223882_cebd4a4dc8_b.jpg

Smaksnotat

  • Utsjånad: Lys med nyans av gul farge.
  • Nase: Floralske tonar mot smørblom, mineralitet og hint av eik.
  • Munn: Klar syre og mineralitet. Som på nase byr vinen på blomar, eik, hint av gul tropisk frukt og aroma som går i retning av eik. Vinen er konsentrert, og der lengda er god. Ved enden byr den på eit hint av anis som legg seg behageleg på utsida av tunga. Fantastisk, og så kjekt!

Domaine Leflaive Mâcon-Verzé 2011 overraska meg positivt. Aromatisk rik og konsentrert i munnen. Kombinasjonen med fiskesuppen var eit blinkskot!