Domaine de Sulauze

For vel eit år sidan anbefalte eg rosévinen ”Pomponette” frå Provence.

No er det på tide å bedømme om dei har overgått seg sjølv med ny årgang. 2015-årgangen er å finne i hyllene på Vinmonopolet, og eg har tjuvstarta på sommaren! 

Det er sol og dagane er lysare. Dei kvite norske kroppane lengtar etter varme og solstrålar. Lengselen min etter å gå med bare leggar og småsko er stor, men kanskje aller mest lengselen etter seine kveldstimar og ei flaske rosévin. For mange i Noreg er det akkurat slik, derfor er rosévin og sommar den optimale kombinasjonen. Grunna auka etterspørsel etter rosévin, ikkje berre om sommaren, men heile året, er utvalet større og betre enn nokon gong.

Eg har tidelegare påpeika at Provence er kongen av å produsera rosévin. I dag står regionen for nærmare 90% av rosévinproduksjonen i regionene. Det er ikkje utan grunn at Noreg er meir nysgjerrig på vin frå regionen, mykje grunna ferieopphald i Provence. Rosévin frå Provence er aromatisk og svært matvenleg. Matkulturen i Sør-Frankrikes baserer seg ofte på ferske råvarer som gjerne kombinerast av olivenolje. Til for eksempel tapas passar rosévin utmerka. Rosévin vert laga som vanleg stille- og musserandevin, men varierer innan aroma, sødme og fylde. Gjerne vil ein nyte ein frisk og leskande til aperitiff, og med ytterligare fylde og god syrlegheit til meir smaksrike rettar. Her finner ein gode vinar frå Piemonte, Sør-Afrika og gjerne Provence. Truleg er vinen på sitt beste til lysare kjøt, som til dømes svin, kalv, kylling eller fisk, men kan også kombinerast med skaldyr og salat.

Karina og Guillaume Lefévre, paret bak den aromatiske rosévinen "Pomponett".
Karina og Guillaume Lefévre, paret bak den aromatiske rosévinen "Pomponett".

For vel eit år sidan vart eg introdusert til Gulliaume og rosévinen deira ”Pomponette”. Sjølv om eg smakar mykje vin, er rosévin det eg smaker minst av. Likevel kom denne aromatiske vinen betre ut, og tiltalte meg med stor begeistring. Karina og Guillaume Lefévre starta som vinprodusenta i 2004, og paret har sidan då planta vinmarkar som raskt vart konvertert til økologisk landbruk, og få år seinare byrja dei med biodynamisk praksis også (drift basert på Rudolf Steiners). Domaine de Sulauze er ein stor vingård og fleirbrukseigendom på vestenda av Appellation Côteaux d'Aix en Provence. Eigendommen består i dag av vingård, bryggeri og meir. Namnet Sulauze kjem av sur-Lauze, eller ved Lauze som ein refererer til lag av falt stein funnent rett under sandete toppmasse frå området.

Rosévinen ”Pomponette” har ein årleg avling som ligg på rundt 50.000 flasker. Laga på Grenache, Cinsault, Syrah, Vermentino og Mourvèdre har rosévinen sin klare karakter. Gjennomsnittsalderen på vinrankane er 15 år med ein produksjonsutbytte på 35 hl/ha. Vinen ”Pomponette” er spontantfermentert over 20 dagar i temperaturkontrollerte ståltankar, og det vert kun nytta naturleg gjær. Tappinga går for seg utan filtrering og med svært lav tilsetning av sovel.

Vil du ha ein liten forsmak på sommaren? Prøv ein rosévin.

Pomponette 2015 Farge: Lys, klar rosa Nase: Svært aromatisk: raude bær i retninga mot stikkelsbær, rips, og urter. Smak: Konsentrasjonen er god med frisk syre. Aroma er tydeleg av raude stikkelsbær og rips, samt eit hint av urter.

Det er inga tvil om at den nye årgangen er god. Inga grunn til å ikkje nytte denne flotte vinen, spesielt med sommaren i møte.

Tekniske detaljer Varenr. 496601 Pris: 156,90 Land/distrikt: Frankrike, Provence, Coteaux-d’Aix-en-Pro Drue: Grenache 60%, Cinsault 15%, Syrah 10%, Vermentino 10%, Mourvèdre 5% Alkohol 12,00% Sukker: 0,90 g/l Syre: 5,90 g/l